Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1596 · 2023-2024

Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt og status for tunellvedlikeholdsbehovet på riks og fylkesveg, samt status for gjennomføringa av tunellsikkerheitsforskrifta fordelt pr fylke pr i dag?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 20. mars 2024. Svaret kom 5. april 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
20. mars 2024
Besvart
5. april 2024

Spørsmål

Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt og status for tunellvedlikeholdsbehovet på riks og fylkesveg, samt status for gjennomføringa av tunellsikkerheitsforskrifta fordelt pr fylke pr i dag?

Begrunnelse

Tunellvedlikehold står for ein større del av vedlikeholdsetterslepet på Norske vegar, og det er også ei eiga gjeldande tunnelsikkerheitsforskrift som stiller krav til når vedlikeholdsprogrammet for dette skal vere gjennomført i dei ulike fylka.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 5. april 2024

I Noreg er 310 tunnelar på riksveg omfatta av krava i forskrift 15. mai 2007 nr. 517 om minimum sikkerhetskrav til visse vegtunneler (tunnelsikkerhetsforskriften). Av desse er 97 opna etter skjeringspunktet i forskrifta 30. november 2006. Av riksvegtunnelane som var opna før forskrifta tredde i kraft er 107 oppgraderte i samsvar med forskrifta. Tabellen viser fylkesfordeling.
Agder 13
Akershus 6
Buskerud 2
Møre og Romsdal 8
Nordland 11
Oslo 5
Rogaland 4
Telemark 7
Troms 4
Trøndelag 8
Vestfold 8
Vestland 31
Totalsum 107

Med dette står det per 1. april 2024 att 106 tunnelar på riksvegnettet, fordelte på følgjande fylke.
Akershus 6
Buskerud 1
Finnmark 4
Innlandet 1
Møre og Romsdal 2
Nordland 24
Rogaland 7
Telemark 1
Trøndelag 2
Vestland 58
Totalsum 106

Dei norske vegtunnelane som inngår i det transeuropeiske netverket for transport (TEN-T) er i tillegg omfatta av EU-direktiv om minstekrav til sikkerheit i tunnelar i det transeuropeiske vegnettet som er tatt inn i EØS-avtalen. Fristen som er sett i EU-direktivet (april 2019) er overskriden, og blir følgd opp med årleg rapportering til ESA. Tunnelane på TEN-T delen av riksvegnettet er prioritert høgast i tunnelutbetringsprogrammet av Statens vegvesen.
Det er lagt opp til at dei fleste av tunnelane som skal utbetrast på TEN-T-vegnettet blir fullført innan 2030, med unntak av to tunnelar i Bergen (E39 Fløyfjelltunnelen og Eidsvågtunnelen) som er planlagt opna etter 2030.
Det er også 20 tunnelar som ikkje vil bli utbetra, men som i staden skal erstattast av nye strekningar:
- Åtte tunnelar i Vestland (seks på E16 Arna-Stanghelle, to på E16 Nærøydalen)
- Tolv tunnelar i Nordland (E6 Megården-Mørsvikbotn)

Staten vegvesen utarbeider òg planar for å gjennomføre tiltak i tunnelane på anna riksvegnett som står att å oppgradere i tråd med forskriften. Statens vegvesen jobbar systematisk med dei resterande tunnelane. Desse blir prioriterte etter ulike kriterium:
 alder og tilstand
 omkøyringsmoglegheit
 oppetid av tunnelane
 optimalisering av ressursbruk
I mellomtida blir det gjennomført nødvendig vedlikehald for å halde tunnelane i ein forsvarleg tryggingstilstand, og det blir sett i verk avbøtande tiltak til minimumskrav i forskrifta, hovudsakleg oppsetting av midlertidige evakueringslys og nødstasjonar.

Det er tatt inn ei orientering om tunnelutbetringsprogrammet i Meld. St. 14 (2023-2024) Nasjonal transportplan 2025-2036.

For tunnelar på fylkesvegnettet gjeld forskrift 10. desember 2014 nr. 1566 om minimum sikkerhetskrav til visse tunneler på fylkesvegnettet og kommunalt vegnett i Oslo (tunnelsikkerhetsforskrift for fylkesveg m.m.). Staten fører ikkje løpande oversikt over status for gjennomføringa av tunnelsikkerhetsforskrift på fylkesveg m.m. Fylkeskommunane prioriterer sjølve tunnelprosjekt på sine fylkesvegar innanfor sine budsjettrammer. Staten kompenserer fylkeskommunane for meirutgifter i tilknyting til oppfølginga av krav i tunnelsikkerheitsforskrifta for fylkesveg gjennom det statlege rammetilskotet. Oversikt over fordelinga av midlane går fram av tabell C-fk i Grønt hefte (berekningsteknisk vedlegg til Prop. 1 S for Kommunal- og distriktsdepartementet).

I samband med ei planlagt høyring våren 2024 av utsett frist for utbetring av tunnelar som er omfatta av tunnelsikkerheitsforskriftene, vil Samferdselsdepartementet be fylkeskommunane vurdere og gi tilbakemelding på om dei vil bli ferdige med utbetringane i sitt fylke innan den nye fristen.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.