Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1451 · 2023-2024

Kan samferdselsministeren leggje fram detaljert planleggingsstatus for ny Rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, med forventa tidsakse frå eventuell prioritering i ny NTP til reell utbyggingsoppstart av dette prosjektet?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 6. mars 2024. Svaret kom 12. mars 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
6. mars 2024
Besvart
12. mars 2024

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram detaljert planleggingsstatus for ny Rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, med forventa tidsakse frå eventuell prioritering i ny NTP til reell utbyggingsoppstart av dette prosjektet?

Begrunnelse

Ny RV 15 over Strynefjellet med arm til Geiranger er eit viktig samferdselsprosjekt for næringslivet i store delar av regionen i Møre og Romsdal samt både for Vestland og Innlandet fylke.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 12. mars 2024

Statens vegvesen opplyser at dei ikkje har starta planlegging etter plan- og bygningslova på rv. 15 Strynefjellet. Etaten har gjort overordna vurderingar av behovet for kommunedelplan for eit framtidig massedeponi og framføring av straum til ein eventuell framtidig byggjefase. Deretter må det utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Eg har gitt føringar til Statens vegvesen om å vurdere ressursbruken til planlegging opp mot handlingsrommet for å setje i gong nye prosjekt, jamfør prinsippet om porteføljestyring.
Samferdsledepartementet har bedt Statens vegvesen om faglege vurderingar av økonomiske prioriteringar til Nasjonal transportplan 2025–2036. Regjeringas prioriteringar vil gå fram av forslag til Nasjonal transportplan 2025–2036, som vil bli lagt fram for Stortinget våren 2024.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.