Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1382 · 2023-2024

Har FD og Forsvaret nytta seg av fagkompetansen i FMA og Sjøforsvaret i arbeidet med høyringssvaret, kva var i så fall dei faglege tilrådingane, og, ev. dersom desse fagmiljøa ikkje er nytta, kvifor blei dei ikkje nytta?

Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Bjørn Arild Gram, 28. februar 2024. Svaret kom 6. mars 2024.

Til
Forsvarsministeren · Bjørn Arild Gram
Datert
28. februar 2024
Besvart
6. mars 2024

Spørsmål

Har FD og Forsvaret nytta seg av fagkompetansen i FMA og Sjøforsvaret i arbeidet med høyringssvaret, kva var i så fall dei faglege tilrådingane, og, ev. dersom desse fagmiljøa ikkje er nytta, kvifor blei dei ikkje nytta?

Begrunnelse

Ekspertutvalet som fekk i oppdrag å vurdera og tilrå vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, la tysdag 20. september 2022 fram rapporten sin. I skriftleg svar frå regjeringa i sak om oppfølginga, jfr. Dokument nr. 15:76 (2023-2024), skriv regjeringa; sitat:

«rapporten frå ekspertutvalet og høyringssvara er til vurdering i Nærings- og fiskeridepartementet. Det er krevjande og komplekse vurderingar regjeringa no er i gong med, og dette arbeidet vil ta noko tid. Vi meiner det er viktig at vi bruker den tida som er naudsynt for å sikre at vi treff den rette avgjerda.»

FD og Forsvaret står på høyringslisa, men det framkjem ikkje i Høyringssvaret frå forsvaret om etaten FMA har gitt uttale. FMA har den faktiske fagekspertisen på ammunisjonstryggleik og demolering. Det framkjem heller ikkje om Sjøforsvaret, der miljøet i Minedykkarkommandoen og på Dykke- og froskemannsskulen i Sjøforsvaret (Marinen) har utførande ekspertise og fagkompetanse som hadde vore nyttig for høyringa, har gjeve innspel til høyringa.

Svar

Forsvarsministeren Bjørn Arild Gram, 6. mars 2024

Verken Forsvarsdepartementet eller Forsvaret har hatt merknader eller gitt innspel til høyringa om rapport frå ekspertutvalet som har vurdert vidare handtering av ubåtvraket U-864.
Fagekspertise frå FFI deltok i ekspertutvalet som har utarbeidd rapporten om handtering av ubåtvraket U-864. FFI har i mange år arbeidd med utfordringane med krigsetterlatenskaper. Arbeidet har mellom anna omfatta analysar av tilstand og risiko med ammunisjon frå 2. verdskrig som er dumpa eller ligg i skipsvrak. Eg meiner derfor at forsvarssektoren har hatt sin beste kompetanse på dette fagfeltet med i ekspertutvalet.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.