Muntlig spørsmål nr. 3 · 2023-2024
Det er tøffe tider for mange folk i vårt land, og det har det vore over tid. Straumprisane har vore høge, rentene har vore høge, det har vore høge matprisar, og dette slår inn i livet til folk. Vi …
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) stilte spørsmålet til statsministeren, Jonas Gahr Støre, 7. februar 2024.
- Fra
- Torgeir Knag Fylkesnes (SV)
- Til
- Statsministeren · Jonas Gahr Støre
- Datert
- 7. februar 2024
- Besvart
- 7. februar 2024
Trygder · Sosiale tjenester · Finanser · Skatter · Priser og konkurranseforhold
Spørsmål
Det er tøffe tider for mange folk i vårt land, og det har det vore over tid. Straumprisane har vore høge, rentene har vore høge, det har vore høge matprisar, og dette slår inn i livet til folk. Vi høyrer om folk som fortel at dei må velje mellom mat og straum, om folk som droppar å gå til tannlegen. Om vi skal tru regjeringa, er toppen av den vanskelege tida nådd. Det blir hevda at vi står overfor eit økonomisk vendepunkt.
Til TV 2 denne veka sa statsministeren:
Men det er på sikt. Vi står midt i ei dyrtid. Prisane har auka mykje meir enn løningane. Renteutgiftene kjem framleis til å vere på dagens høge nivå. Mange har fått spist opp mykje av sparepengane. Mange har også tatt opp kredittkortgjeld for å betale løpande utgifter. Folk vil merke dyrtida på kroppen også framover.
Men gjennom f.eks. auka barnetrygd og gratis SFO i dei siste statsbudsjetta har SV fått gjennom tiltak som gjer at barnefamiliane får meir pengar og barnefattigdomen går ned. Færre barn lever i familiar med låg inntekt. Det viser at politikk verkar. Det både kan og bør bli gjort meir for å dempe skadeverknadene av dyrtida på livet til folk, på kort og lang sikt. Vi i SV er alltid klare til å sikre fleirtal med regjeringa for offensive tiltak for å betre økonomien til folk i dyrtid.
Meiner statsministeren det er riktig og viktig å gjere meir for å betre økonomien til folk?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.