Muntlig spørsmål nr. 2 · 2023-2024
Spørsmålet mitt går til kommunalministeren. Samtidig som me sit her i Stortinget i dag, veit me at det er mange lokalpolitikarar som er samla i Trondheim til viktig møte i KS. Ein av dei diskusjonane …
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 14. februar 2024.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
- Datert
- 14. februar 2024
- Besvart
- 14. februar 2024
Lokalforvaltning · Kommunenes økonomi
Spørsmål
Spørsmålet mitt går til kommunalministeren.
Samtidig som me sit her i Stortinget i dag, veit me at det er mange lokalpolitikarar som er samla i Trondheim til viktig møte i KS. Ein av dei diskusjonane som går føre seg der, er stram kommuneøkonomi, stor grad av statleg styring og lite handlingsrom for lokalpolitikarar. Det betyr at mange tenester rundt om i norske kommunar er under press. Folk som er opptekne av barnehagetilbod, god eldreomsorg og ein god skule, opplever at kommunane må kutta og stramma inn fordi ting har vorte dyrare for kommunane, renta stig, og straumen blir dyrare.
Det har vorte vanskelegare å vera lokalpolitikar under Senterparti–Arbeidarparti-regjeringa. Der kommunane dei siste åtte åra med borgarleg regjering bygde opp store fond, ser me no at ein må tæra på dei fonda for å få budsjetta til å gå i hop. Det er rett og slett ei anna verkelegheitsbeskriving i norske kommunar i dag enn det har vore tidlegare. Dei har rett og slett mindre handlingsrom til å levera og utvikla gode tenester. Me registrerer òg at det er få tiltak som kjem frå regjeringa for å gjera det betre for kommunane å levera gode tenester til innbyggjarane der innbyggjarane bur. Ein har eit inntrykk av at denne regjeringa er meir oppteken av å driva med reversering og folkerøystingar og bruka pengar på å oppretta nye fylkeskommunar som innbyggjarane ikkje har eit særleg forhold til, framfor å utvikla gode barnehagar og skular og god eldreomsorg i norske kommunar.
Spørsmålet mitt til kommunalministeren er rett og slett: Kva vil kommunalministeren seia til alle lokalpolitikarar som er samla i Trondheim, og som er bekymra for kommuneøkonomien, bekymra for ikkje å få budsjetta til å gå i hop og bekymra for ikkje å kunna levera gode tenester til innbyggjarane? Har kommunalministeren nokre gode tilbakemeldingar til dei som no er samla for å leggja ein plan for dei neste fire åra i kommunane sine?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.