Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1297 · 2023-2024

Hvor mange statlige arbeidsplasser er flyttet fra Oslo til Trondheim de siste to årene?

Sivert Bjørnstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 19. februar 2024. Svaret kom 26. februar 2024.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Datert
19. februar 2024
Besvart
26. februar 2024

Spørsmål

Hvor mange statlige arbeidsplasser er flyttet fra Oslo til Trondheim de siste to årene?

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 26. februar 2024

Denne regjeringa har endra retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Det klare målet er å leggje til rette for at statlege arbeidsplassar kan styrke fleire regionale arbeidsmarknader og bidra til ein jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar i Norge. Den statlege lokaliseringspolitikken skal blant anna medverke til at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokalisert utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane.
Departementet har oversyn over etableringar og flyttingar i offentleg sektor som er omfatta av retningslinjene. Om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar er omfatta av retningslinjene.
Retningslinjene er ikkje brukt for å flytte arbeidsplassar frå Oslo til Trondheim, men det betyr ikkje at regjeringa ikkje har satsa på Trondheim. Regjeringa har lokalisert 10,5 årsverk til Trondheim gjennom lokalisering av Sekretariatet for Kirkebevaringsfondet. Ut over dette er det ikkje flytta arbeidsplassar til Trondheim frå Oslo dei siste to åra.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sivert Bjørnstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.