Skriftlig spørsmål nr. 1233 · 2023-2024
Kan samferdselsministeren leggje fram kva berekna kostnadsauke dette klima- og miljøkravet i anskaffelser vi medføre i praksis for bygging av alle samferdselsprosjekt i fylkeskommunal og statleg regi i framtida?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 13. februar 2024. Svaret kom 20. februar 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 13. februar 2024
- Besvart
- 20. februar 2024
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram kva berekna kostnadsauke dette klima- og miljøkravet i anskaffelser vi medføre i praksis for bygging av alle samferdselsprosjekt i fylkeskommunal og statleg regi i framtida?
Begrunnelse
I ein situasjon der vedlikeholdsetterslepet aukar kraftig på Norske vegar med heile 1,2 milliard kr, samt generelt kostnadsnivået innan transport, bygg og anlegg har skote til himmels grunna skyhøge drivstoffprisar, og eit generelt skyhøgt kostnadsnivå, - har regjeringa prestert å innføre ny lovkrav FOA § 7-9 , der klima og miljøhensyn skal minimum vektast 30 % i anskaffelsar.
Korleis ein har tenkt å løyse dette i praksis er det få som begriper.
I grunnlaget står det:
- Hovedregel tildelingskriterier 30 % klima og miljøhensyn.
- Krav og kriterier etter denne bestemmelsen skal ha som mål å redusere anskaffelsens samlede klimaavtrykk og miljøbelastning.
- Oppdragsgiver skal vekte klima og miljøhensyn med minimum tretti prosent.
- Der oppdragsgiver angir tildelingskriteriene i prioritert rekkefølge, bør klima og miljøhensyn vere blant dei tre høgaste prioriteringane.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 20. februar 2024
Føresegna i forskrift om offentlege anskaffingar om å vekte klima- og miljøomsyn med minimum 30 pst. tok til å gjelde 1. januar 2024. Det er derfor for tidleg å seie kor mykje dette vil auke utgiftene for bygging av samferdselsprosjekt i fylkeskommunal og statleg regi. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har utarbeidd ein rettleiar som skal hjelpe offentlege oppdragsgivarar med å ivareta klima- og miljøomsyn i offentlege anskaffingar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.