Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1208 · 2023-2024

På spørsmål frå underteikna nylig ville ikkje landbruks- og matministeren svare på om den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem i vårsesjonen 2024 (Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)). Meldinga …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til landbruks- og matministeren, Geir Pollestad, 10. februar 2024. Svaret kom 20. februar 2024.

Til
Landbruks- og matministeren · Geir Pollestad
Datert
10. februar 2024
Besvart
20. februar 2024

Spørsmål

På spørsmål frå underteikna nylig ville ikkje landbruks- og matministeren svare på om den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem i vårsesjonen 2024 (Dokument nr. 15:1055 (2023-2024)). Meldinga står heller ikkje på regjeringa si liste til Stortinget over varsla saker i vårsesjonen. I NRK Politisk Kvarter 8/2 sa likevel Fiskeri- og havministeren uoppfordra at stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem «før sommeren».
Kan landbruks- og matministeren stadfeste at det er korrekt, og kva er statsrådens definisjon av «før sommeren»?

Svar

Landbruks- og matministeren Geir Pollestad, 20. februar 2024

Som eg tidlegare har svart representanten Bjørlo, vert det i både i Landbruks- og matdepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet lagt ned eit betydeleg arbeid med stortingsmeldinga. Vi vil, i tråd med det eg tidlegare har kommunisert, presentere ei stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.