Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1152 · 2023-2024

Kan samferdselsministeren leggje fram for meg absolutt alle transaksjoner inn og ut frå Statens vegvesen ang arkeologiske utgravingar og grunnundersøkelsar for prosjektet Møreaksen, som også …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 6. februar 2024. Svaret kom 9. februar 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
6. februar 2024
Besvart
9. februar 2024

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram for meg absolutt alle transaksjoner inn og ut frå Statens vegvesen ang arkeologiske utgravingar og grunnundersøkelsar for prosjektet Møreaksen, som også innbefattar alle transaksjonar mellom Statens vegvesen sjølv samt deira utøvande oppdragspartnere for arkeologiske utgravingar og grunnundersøkelsar, samt mellom Statens vegvesen og Aukra kommune, Kjerringsundet as, Møreaksen AS?

Begrunnelse

Samferdselministeren har i svar på spørsmål nr. 1091 til skriftleg besvarelse, svart at der ikkje foreligg låneavtale med Aukra kommune eller Kjerringsundet as ang utbygging av Møreaksen.
Spørsmålet er heller ikkje besvart då spørsmålet var om det ulovlege lånet mellom statens vegvesen og Møreaksen as har blitt forbrukt i praksis.
Det er og merkeleg det statsråden svarar ang Kjerringsundet as og ang Aukra kommune, eg siterar frå sak 20/00457-9 kommunestyret i Aukra kommune den 8/4-2021:

"1. Aukra kommunestyre vedtar ei bevilling på inntil kr 55 mill til gjennomføring og forskottering av arkeologiske utgravingar for tilrettelegging for snarast mogleg realisering av Kjerringsundet og
Møreaksen
2. Finansiering: fond til fastlandsløysing
3. Kommunestyret ber kommunedirektøren kome tilbake med eiga sak om detaljerte planer og
avtaler til godkjenning."

Vidare står der:

"Bakgrunn
Aukra kommune har mottatt søknad (vedlagt) frå Kjerringsundet As om bevilling og forskottering til arkeologiske utgravingar i samband med bygging av vegsambandet Kjerringsundet og Møreaksen.
Bakgrunn for søknaden er positiv innstilling i forslag til nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 om oppstart Møreaksen i første planperiode. Mogleg byggestart for samtidig oppstart av Kjerringsundet og
Møreaksen vil kunne vere 2023. For å kunne starte bygging i 2023 må arkeologiske utgravingar vere ferdig innan 2023. Då må utgravingane starte allereie i 2021."

Resten av det ulovlege vedtaket om ulovleg lån til Statens vegvesen kan statsråden lese sjølv i saksutgreiinga i saka.
i utdrag av søknaden står følgjande:

"Søknad
Kjerringsundet AS vil med dette be Aukra kommune om å bevilge et budsjett på inntil kr 55 millioner til gjennomføring og forskuttering for arkeologiske arbeider ifm tilrettelegging for raskest mulig
realisering av Kjerringsundet og Møreaksen.
Kjerringsundet AS vil koordinere arbeidet med å fremskaffe detaljerte planer, avtaler m.m. Disse vil bli lagt frem for administrasjonen i Aukra kommune for innspill og godkjenning før Kjerringsundet AS
signerer."

Vidare i sak PS 84/22 kommunestyret i Aukra står det:

"Av tidlegare kommunestyrevedtak om 55 mill kr til gjennomføring og forskottering av m.a arkeologiske utgravingar er omlag 25 mill kr utbetalt."

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 9. februar 2024

Eg viser til skrifteleg spørsmål nr. 987, 988 og 1091 frå same representant om same sak og svar på desse.
Statens vegvesen har ikkje hatt nokon avtale om arkeologiske utgravingar og grunnundersøkingar med Møreaksen AS. Eg håpar at vilkåra i avtalen med Kjerringsundet AS er tilstrekkeleg forklart i svar på spørsmåla nemnt over. Statens vegvesen har hatt ei avtale med NTNU Vitskapsmuseet om arkeologiske undersøkingar på E39 Ålesund–Molde og fylkesvegprosjektet Kjerringsundet.
Statens vegvesen har fakturert Kjerringsundet AS, ved Aukra kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, for den delen av utgravingane som vart utført for Kjerringsundet. Oversikt over transaksjonane følgjer i tabell under og viser at Kjerringsundet AS ikkje har utbetalt forskot til Statens vegvesen.
Eg har tidlegare opplyst representanten at Statens vegvesen har dekt sin del av dei felles utgravingane på Sundsbø, eit beløp på 5. mill. kr. I tillegg har NTNU Vitskapsmuseet gjennomført utgravingar på Nautnes og Vik. Desse utgravingane omhandlar berre E39 og er betalt i sin heilheit av Statens vegvesen. Som det kjem fram av tabellen under er det snakk om om lag 8 mill. kr.
Grunnundersøkingar har vore utført heilt sidan starten av arbeidet med planlegginga av E39 Ålesund–Molde. Arbeidet har i sin heilheit vore fakturert til og betalt av Statens vegvesen fortløpande.

Fakturadato Betalingsdato Leverandør/kunde Inngående
faktura Utgående
faktura Andel
Kjerringsundet AS
04.10.2021 NTNU 10 708 200 9 637 380
02.11.2021 NTNU 5 000 000 4 500 000
09.05.2022 NTNU 16 189 520 12 263 219
23.11.2022 17.01.2023 Aukra kommune -26 400 599
14.11.2022 NTNU 9 000 000 4 500 000
11.10.2023 10.11.2023 Møre og Romsdal
fylkeskommune -4 500 000
25.11.2023 NTNU 3 753 871 1 876 936
22.01.2024 Møre og Romsdal
fylkeskommune -1 876 936
Sluttfaktura 2024 NTNU 3 000 000 1 500 000
Sluttfaktura 2024 Møre og Romsdal
fylkeskommune -1 500 000
Sum transaksjoner 47 651 591 -34 277 535 34 277 535

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.