Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1149 · 2023-2024

Nasjonalbiblioteket har fått ansvar for å administrere regjeringa sitt årlege internasjonale Fosseforedrag, etablert for å heidre nobelprisvinnaren Jon Fosse frå Vestland. Det er utlyst ei eiga …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til kultur- og likestillingsministeren, Lubna Boby Jaffery, 6. februar 2024. Svaret kom 13. februar 2024.

Til
Kultur- og likestillingsministeren · Lubna Boby Jaffery
Datert
6. februar 2024
Besvart
13. februar 2024

Spørsmål

Nasjonalbiblioteket har fått ansvar for å administrere regjeringa sitt årlege internasjonale Fosseforedrag, etablert for å heidre nobelprisvinnaren Jon Fosse frå Vestland. Det er utlyst ei eiga stilling med ansvar for Fosseforedraget og Fossestipendet, med arbeidsstad Oslo.
Kvifor har ikkje regjeringa sørga for å legge stillinga til eit språk- og litteraturfagleg miljø i Bergen/på Vestlandet, og vil det vere mulig for søkarar frå Vestlandet å fjernarbeide derifrå utan å måtte flytte til og ha dagleg fysisk oppmøtestad i Oslo?

Svar

Kultur- og likestillingsministeren Lubna Boby Jaffery, 13. februar 2024

Nasjonalbiblioteket har ansvar for norsk litteratur frå dei eldste tider til i dag, og er ein heilt sentral aktør for norsk språk og litteratur. Mellom anna forvaltar dei forfattararkiv og har ansvar for forfattarjubileum. I samband med at Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur for 2023 har regjeringa beslutta og leggje til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren. Det inkluderer mellom anna ei årleg Fosse-førelesing med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket og eit Fosse-stipend.
Nasjonalbiblioteket har verdas største samling av materiale av og om Jon Fosse, og bevarer og forvaltar Fosses privatarkiv og alle verka hans. Så lenge verka til Fosse ligg hos Nasjonalbiblioteket meiner eg det er rimeleg at denne stillinga også vert lagt dit. Jon Fosse har sjølv sagt i ein epost til BA at han er samd i at ei slik stilling blir lagt til Oslo.
Eg er trygg på at Nasjonalbiblioteket vil ta hand om arbeidet med Fosse-førelesing og Fosse-stipend på ein god måte. Korleis dette arbeidet vert planlagt og gjennomført er opp til Nasjonalbiblioteket. Eg ser fram til å følgje framveksten av denne nye litterære satsinga i tida som kjem.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.