Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 7 · 2023-2024

Mitt spørsmål går til samferdselsministeren. Rogaland har fått kritikk for delvis å ta betalt for ferjene som regjeringa ønskjer skal vera gratis. Det har dei gjort for å sikra eit anstendig …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 10. januar 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
10. januar 2024
Besvart
10. januar 2024

Finanser · Priser og konkurranseforhold · Samferdsel · Ferger · Lokalforvaltning · Fylkeskommunenes økonomi

Spørsmål

Mitt spørsmål går til samferdselsministeren.

Rogaland har fått kritikk for delvis å ta betalt for ferjene som regjeringa ønskjer skal vera gratis. Det har dei gjort for å sikra eit anstendig kollektivtilbod, m.a. med hurtigbåt, ettersom gratisferje er underfinansiert og dette ligg som ei utfordring i botnen.

Regjeringa har innført denne nasjonale ordninga med eit mantra om å gjera livet enklare for folk som bur langs kysten. Men ordninga er ikkje berre underfinansiert, ho fører til attståande bilar, eit større press på miljøet og kommunale vegar, og òg eit behov for auka ferjekapasitet og fleire avgangar. Resultatet er at alle utfordringar og vanskelege dilemma som oppstår i kjølvatnet, vert overlatne til fylkespolitikarane. Regjeringa skyv då fylkespolitikarane framfor seg, som eksempelvis i Rogaland, der dei no vel å ta litt betalt på ferja for å halda oppe eit godt båttilbod.

Kven er det som veit best om kva som passar lokalt? Er det regjeringa, eller er det fylkespolitikarane? Dette er det greitt å få svar på, ettersom me opplever at statsråden for samferdsel og kommunalministeren ikkje heilt er samsnakka i dette spørsmålet.

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.