Skriftlig spørsmål nr. 1055 · 2023-2024
Den lenge varsla Dyrevelferdsmeldinga (varsla av regjeringa i desember 2021) står ikkje på den ferske oversikta over proposisjonar og meldingar frå Regjeringa til Stortinget i vårsesjonen 2024 …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til landbruks- og matministeren, Geir Pollestad, 28. januar 2024. Svaret kom 2. februar 2024.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Landbruks- og matministeren · Geir Pollestad
- Datert
- 28. januar 2024
- Besvart
- 2. februar 2024
Spørsmål
Den lenge varsla Dyrevelferdsmeldinga (varsla av regjeringa i desember 2021) står ikkje på den ferske oversikta over proposisjonar og meldingar frå Regjeringa til Stortinget i vårsesjonen 2024 (januar-september).
Kan statsråden garantere at Stortinget får Dyrevelferdsmeldinga i tide til at meldinga kan handsamast og vedtakast i 2024, eller risikerer ein no at vi ikkje har ei ferdig politisk dyrevelferdsmelding før i 2025 - fire år etter at regjeringa starta arbeidet og to år etter det Stortinget har bedt regjeringa om?
Svar
Landbruks- og matministeren Geir Pollestad, 2. februar 2024
Både i Landbruks- og matdepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet blir det lagt ned eit omfattende arbeid med stortingsmeldinga. Vi vil, i tråd med det eg tidlegare har kommunisert, presentere ei Stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.