Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1050 · 2023-2024

Synes statsråden det er fornuftig å prøve ut modellen statsforvaltaren i Vestland har innført med tanke på dispensasjonssakhansaming?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 27. januar 2024. Svaret kom 5. februar 2024.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Datert
27. januar 2024
Besvart
5. februar 2024

Spørsmål

Synes statsråden det er fornuftig å prøve ut modellen statsforvaltaren i Vestland har innført med tanke på dispensasjonssakhansaming?

Begrunnelse

Statsforvalteren i Vestland har i 2024 orientert kommunane i fylket om at det no blir ny praksis med at dispensasjonssaker ikkje lenger skal sendes på uttale, kun klagevurdering. Dette oppleves som positivt frå både embetet og kommunane då tidsbruken kan brukes på å behandle saker framfor å sende og skrive uttaler. Dette også i tråd med tillitsreformen der kommune får meir tillit. No har Sivilombudet stilt kritiske spørsmål til ein ordning som både tener kommunane, statsforvaltaren og ikkje minst befolkningen. Eg legg til grunn at lovgjevar helsar velkommen slike ordningar og håpar at statsråden kan slå fast at denne metoden er ynskjeleg.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 5. februar 2024

Bruk og vern av areal skal etter plan- og bygningslova styrast gjennom arealplanar. Det er mogleg å dispensere frå slike arealplanar dersom vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2 er oppfylt. Etter plan- og bygningslova § 19-1 skal regionale og statlege myndigheiter få moglegheit til å uttale seg før kommunane gir dispensasjon frå planar, plankrav eller forbodet mot bygging i strandsona, viss saksområdet vedkjem den aktuelle myndigheita. Som representanten skriv har Statsforvaltaren i Vestland endra sin praksis, ved at dei ikkje lenger ber om å få alle slike saker på høyring før kommunane i fylket gjer vedtak om dispensasjon.
Det er positivt at statsforvaltarane leitar etter mogelegheiter for å forenkle og effektivisere forvaltninga i dialogen med kommunane. Handsaming av dispensasjonssaker kan krevje mykje tid og ressursar for både kommunane og statsforvaltarane, så forenklingar her er sjølvsagt velkomne.
Statsforvaltarane har ei viktig rettleiarrolle i høve kommunane, og eg oppfattar ikkje at den endringa i praksisen som Statsforvaltaren i Vestland legg opp til svekker denne rolla. Kommunane i Vestland kan framleis be om høyringsfråsegn frå statsforvaltaren i konkrete saker eller be om rettleiing om særlege fagtema. Dette meiner eg er ein viktig føresetnad for denne forsøksordninga.
Sidan Sivilombodet har valt å undersøke om den nye praksisen til Statsforvaltaren i Vestland er i samsvar med plan- og bygningslova, finn eg det riktig å sjå an Sivilombodet si vurdering av denne praksisen før eg uttalar meg nærare om denne.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.