Skriftlig spørsmål nr. 918 · 2023-2024
Hva vil statsråden gjøre med den pågående egg- og melkemangelen, og hva vil statsråden gjøre for å unngå dette i fremtiden?
Olaug Vervik Bollestad (KrF) stilte spørsmålet til landbruks- og matministeren, Geir Pollestad, 16. januar 2024. Svaret kom 22. januar 2024.
- Fra
- Olaug Vervik Bollestad (KrF)
- Til
- Landbruks- og matministeren · Geir Pollestad
- Datert
- 16. januar 2024
- Besvart
- 22. januar 2024
Spørsmål
Hva vil statsråden gjøre med den pågående egg- og melkemangelen, og hva vil statsråden gjøre for å unngå dette i fremtiden?
Svar
Landbruks- og matministeren Geir Pollestad, 22. januar 2024
Vi har inga matkrise i den tyding at folk ikkje får kjøpt egg eller melkeprodukt. Eg er, som Landbruks- og matminister, oppteken av at det til ei kvar tid er nok norsk mat i butikken. Etter møter med Nortura og Tine 16. januar 2024, er eg forsikra om at det kjem til å vere nok norske egg, ost, smør og mjølk i butikkane også framover.
Det er likevel uheldig at vi nå må importere nokre varer som vi kunne ha produsert sjølve, som til dømes mjølkepulver. Situasjonen i dag er likevel ikkje eit argument for korkje å fjerne eller svekke dei ordningane vi har for matproduksjon i Noreg. Den er eit argument for å styrke dei. Norske forbrukarar skal òg i framtida ha trygg mat til overkomelege og stabile prisar, samstundes må bøndene som produserer varene få skikkeleg betalt.
Knappheita på egg, som somme tider har ført til mangel på egg i nokre butikkar, skuldast ein kombinasjon av auka innanlandsk forbruk og auka etterspurnad etter norske egg i industrien, mellom anna som følgje av fugleinfluensautbrot internasjonalt og ei svakare norsk krone. Alt dette kunne ein ikkje forutsjå. Auka etterspurnad etter norske egg meiner eg er svært positivt.
At vi i dag er i ein situasjon der vi må importere eit volum tilsvarande om lag 1 prosent av mjølka vi produserer i Noreg, skuldast mellom anna feil prognosering frå Tine. Som marknadsregulator, burde Tine tatt tak i den lave mjølkeleveransen tidlegare enn dei gjorde, og sett inn tiltak for å få auka produksjonen. I slike situasjonar skal prioriteringsregelverket anvendast, der flytande mjølkeprodukt skal prioriterast, dernest ost og til slutt tørrmjølk.
Arbeiderpartiet og Senterpartiet ønsker å auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent. Auka sjølvforsyning vil vera eit viktig bidrag for å styrke matberedskap og vil gje grunnlag for auka verdiskaping i norsk jordbruk. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding med strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer i løpet av våren.
Vi bør alle kjøpe meir norsk mat. Det gjeld både oss som forbrukarar, det offentlege og industri og næringsliv. Det gjev grunnlag for stabil produksjon og sikker forsyning av mat i heile Noreg.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.