Skriftlig spørsmål nr. 880 · 2023-2024
Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over alle riksvegferjesamband i landet der det syner bemanning pr ferje, samt kva antall skift som høyrer til dei ulike ferjene/ferjestrekningane også der det er fleire ferjer på same ferjestrekning?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 9. januar 2024. Svaret kom 16. januar 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 9. januar 2024
- Besvart
- 16. januar 2024
Spørsmål
Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over alle riksvegferjesamband i landet der det syner bemanning pr ferje, samt kva antall skift som høyrer til dei ulike ferjene/ferjestrekningane også der det er fleire ferjer på same ferjestrekning?
Begrunnelse
Ferjedrifta landet rundt har utfordringar ang å skaffe nok mannskap til sine ferjer, og det er tilfeller der avgangar må innstillast med bakgrunn i mannskapsmangel.
Staten har ansvaret for riksvegferjene som også er av landets største ferjestrekningar, der ferjene er ein viktig del av riksvegnettet som folk fles og næringslivet er totalt avhengige av.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 16. januar 2024
I følgje Statens vegvesen var det i 2023 innstilt 399 avgangar i riksvegferjedrifta som følgje av mannskapsmangel, noka som utgjer i underkant av ein promille av utførte avgangar i same periode. Frå 2022 til 2023 gjekk innstilte avgangar med denne årsaka ned med om lag 44 pst. Tala inkluderer også avgangar som var innstilte som følgje av akutte hendingar, som mellom anna sjukdom.
Det blir ikkje laga og halde ved like ei komplett oversikt som viser talet på personar og skift per ferje i riksvegferjedrifta. Tal på årsverk som vert nytta for drift av riksvegferjesambanda vert vist i tabellen under. Talet er berekna ut i frå rapportert timeverk for dei einskilde sambanda i 2022, der Statens vegvesen har lagt til grunn at ett årsverk utgjer 1 750 timar.
Samband Berekna tal årsverk 2022
Anda – Lote 36
Bodø - Værøy - Røst - Moskenes 76
Bognes – Lødingen 71
Bognes – Skarberget 29
Drag – Kjøpsvik 41
Festøya – Solavågen 66
Halhjem – Sandvikvåg 149
Halsa – Kanestraum 48
Hjelmeland - Nesvik - Skipavik 43
Lavik – Oppedal 66
Mannheller – Fodnes 47
Molde – Vestnes 116
Mortavika – Arsvågen 109
Moss – Horten 184
Vangsnes - Hella – Dragsvik 38
Volda – Folkestad 21
Total 1 140
Data for året 2022 er nytta i tabellen sidan Statens vegvesen per no ikkje har fått HMS-rapportar for desember 2023. Endringane i talet på arbeidstimar i 2022 og 2023 er forventa å vera ganske små. Unntaket er for sambanda Bognes-Skarberget og Drag-Kjøpsvik. Desse sambanda fraktar begge reisande over Tysfjorden i Nordland. I 2022 har sambanda vore stengde i periodar, samtidig som frekvens vart auka på sambandet som var ope. Dette som følgje av arbeid på kai.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.