Skriftlig spørsmål nr. 726 · 2023-2024
Jeg viser til spørsmål ifm. statsbudsjett 2024 nr. 55 fra KrF av 17.10.23. Hva ville være provenyeffekten av å innføre en offentlig finansiert rett for ansatte i privat og offentlig sektor med barn under hhv. to, tre, fire, fem og seks år til 100 pst. lønn mens de jobber 80 pst.?
Kjell Ingolf Ropstad (KrF) stilte spørsmålet til barne- og familieministeren, Kjersti Toppe, 15. desember 2023. Svaret kom 2. januar 2024.
- Fra
- Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
- Til
- Barne- og familieministeren · Kjersti Toppe
- Datert
- 15. desember 2023
- Besvart
- 2. januar 2024
Spørsmål
Jeg viser til spørsmål ifm. statsbudsjett 2024 nr. 55 fra KrF av 17.10.23.
Hva ville være provenyeffekten av å innføre en offentlig finansiert rett for ansatte i privat og offentlig sektor med barn under hhv. to, tre, fire, fem og seks år til 100 pst. lønn mens de jobber 80 pst.?
Begrunnelse
Det legges til grunn at retten skal gjelde begge foreldrene.
Svar
Barne- og familieministeren Kjersti Toppe, 2. januar 2024
Eg vil innleia med å seie at forslaget frå representanten inneber ei ny velferdsordning. Det har på tida som er gitt ikkje vore mogeleg å vurdere forslaget tilstrekkeleg og i tråd med utgreiingsinstruksen. Saka vil måtte vurderast og greiast ut i samråd med andre departement. Eg vil likevel gi anslag for kva ein slik offentleg finansiert rett vil koste.
Eg forstår forslaget som at staten skal finansiere 100 prosent lønn medan foreldre arbeider ned mot 80 prosent, samstundes som dei har barn i ulike aldrar. Dekking av løn skal kunne vare så lenge barnet er under nemnde aldersgrenser. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett på moglege utgifter over stønadsbudsjettet. Det har vore naudsynt å gjere nokre føresetnadar:
Direktoratet nyttar data for talet foreldre som arbeider i stillingsintervallet 80 til 90 prosent som utgangspunkt for anslaga. Direktoratet legg til grunn at foreldre vil tilpasse seg ei slik ny ordning, slik at nokre av dei som i dag har 100 prosent stilling, ville redusert stillinga si for å nytte seg av ordninga. Anslaga tek noko høgde for slike tilpassingar, men det har innanfor kort tid ikkje vore mogleg å vurdere delen som kan tilpasse seg nærare.
Direktoratet har ikkje hatt moglegheit for å identifisera talet foreldre med barn tre, fire, fem og seks år gamle, og sett seg nøydd til å leggje til grunn at talet på foreldre i redusert stilling med toåringar er representativt også for eldre barn.
Direktoratet har lag til grunn at retten også gjeld når begge foreldra jobbar redusert.
Anslaga er usikre og førebelse. Direktoratet har framheva at det utan nærare avklaringar om korleis ordninga skal sjå ut, er vanskeleg å vurdere administrative konsekvensar eller mogleg iverksettingsdato. Direktoratet reknar seg til som fylgjande meirutgifter i millionar kroner ved heilårsverknad:
Aldersgruppe
Meirutgifter
2 år
478
3 år
746
4 år
1 015
5 år
1 283
6 år
1 551
I tillegg til dei budsjettmessige konsekvensane, vil forslaget kunne ha verknadar for barnefamiliar, arbeidsgjevarar og for samfunnsøkonomien. I talgrunnlaget til direktoratet kjem det fram at dei fleste av foreldra i redusert stilling er mødrer. Forslaget kan difor påverke lønsforskjeller i arbeidsmarknaden på sikt og redusere tilgangen på arbeidskraft. På den andre sida vil forslaget gi småbarnsforeldre i arbeid meir tid saman med familien medan barna er små.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.