Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 670 · 2023-2024

Viser til svaret til statsråden på skriftleg spørsmål 583, om arbeidet med å auke vektklasse for vegar som kan tole ei auka vektbelastning. Statsråden svarer ikkje på spørsmålet. Han viser til …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. desember 2023. Svaret kom 19. desember 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
11. desember 2023
Besvart
19. desember 2023

Spørsmål

Viser til svaret til statsråden på skriftleg spørsmål 583, om arbeidet med å auke vektklasse for vegar som kan tole ei auka vektbelastning. Statsråden svarer ikkje på spørsmålet. Han viser til bruprogrammet, men det er her snakk om endringar av vektklasse av veg som toler auka vektbelastning.
Kan statsråden sende ei oversikt over gjennomførte oppgraderingar av vektklasse som er gjorde, fordelt på fylke?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 19. desember 2023

Oversikt over begrensningar for tillate vekter og dimensjonar finn ein i veglistene. Statens vegvesen har sett på endringar av vegar opna for 60 tonn totalvekt. Når det gjeld bruksklasse 10 tonn med tillaten totalvekt 60 tonn (Bk10/60) er denne berre tillaten i veglister for tømmertransport og modulvogntog. Etter at det ble opna for å tillate modulvogntog på veger som er opna for 24 m tømmertransport i desember 2020, har vi ikkje hatt endringar i vegliste for modulvogntog. Vi har difor søkt i vegliste for tømmertransport fra november 2022 til november 2023. Årsak til at november er brukt er at 1. november er fast dato for revisjon av veglister.
Data for veglistene ligg i Nasjonal vegdatabank (NVDB) og det er tatt eit søk etter endringar for Bk10/60. Resultatet viser ein viss auke for riks- fylkesvegar, som vist i tabellen under.

Fylke Vegkategori Lengde i km
Oslo Europaveg 0,16
Rogaland Europaveg 0,21
Møre og Romsdal Europaveg 6,72
Nordland Europaveg 107,50
Viken Europaveg 3,33
Innlandet Europaveg 16,37
Vestfold og Telemark Europaveg 8,03
Agder Europaveg 42,62
Vestland Europaveg 42,89
Trøndelag Europaveg 6,98
Troms og Finnmark Europaveg 49,84
Rogaland Fylkesveg 20,65
Møre og Romsdal Fylkesveg 1,23
Nordland Fylkesveg 77,23
Viken Fylkesveg 7,79
Innlandet Fylkesveg 2,28
Vestfold og Telemark Fylkesveg 31,80
Agder Fylkesveg 1,42
Vestland Fylkesveg 46,25
Trøndelag Fylkesveg 15,34
Troms og Finnmark Fylkesveg 24,91
Oslo Riksveg 1,48
Rogaland Riksveg 0,28
Møre og Romsdal Riksveg 0,72
Nordland Riksveg 0,87
Viken Riksveg 3,14
Innlandet Riksveg 8,57
Vestfold og Telemark Riksveg 1,95
Agder Riksveg 3,88
Vestland Riksveg 25,12
Trøndelag Riksveg 1,19
Troms og Finnmark Riksveg 27,32

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.