Skriftlig spørsmål nr. 623 · 2023-2024
Kan statsråden liste opp kva kvar enkelt fylkeskommune har fått overført til dette formålet?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 7. desember 2023. Svaret kom 15. desember 2023.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
- Datert
- 7. desember 2023
- Besvart
- 15. desember 2023
Spørsmål
Kan statsråden liste opp kva kvar enkelt fylkeskommune har fått overført til dette formålet?
Begrunnelse
Regjeringen har foreslått reduksjon i fergepriser og gratis ferger for samband under eit vist nivå samt uten omkjøringsmuligheter.
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 15. desember 2023
Eit av måla i Hurdalsplattforma er gratis ferje på alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg, samt ferjer til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet. Regjeringa har òg sett som mål å redusere billettprisane med 50 prosent samanlikna med billettprisane 1. januar 2021. Det har vi no lagt til rette for, og staten har kompensert fylkeskommunane for inntektsbortfallet gjennom auka overføringar over rammetilskotet.
Dei to tiltaka – gratis ferjer for somme samband og halvering av prisane på resten – har blitt innført gradvis frå 2021 til i dag, og får heilårsverknad med full effekt frå 2024. Den samla kompensasjonen for fylkeskommunane i 2024 summerer seg til om lag 1 046 mill. kroner (prisjustert til 2024-kroner). Dette beløpet inkluderer òg midlane som Solberg-regjeringa foreslo til takstreduksjonar i 2022, jf. Prop. 1 S (2021-2022). Av beløpet på 1 046 mill. kroner, utgjer det 258 mill. kroner.
Kompensasjonen blir fordelt mellom fylkeskommunane ut frå andelen av inntektsbortfallet. I perioden 2021–2023 har inntektsbortfallet for den enkelte fylkeskommune blitt berekna på ulike måtar for høvesvis gratis ferje og den generelle takstreduksjonen.
Kompensasjonen for gratis ferje har i 2022 og 2023 blitt fastsett ut frå storleiken på billettinntektene på det enkelte ferjesamband i 2019. Tal for 2019 er brukt sidan pandemien førte til ein sterk nedgang i inntektene på mange ferjesamband i 2020. Kompensasjonen vart løyvd over skjønnstilskotet i 2022 og med ei særskilt fordeling innanfor rammetilskotet i 2023, jf. oversikt per fylkeskommune i tabellen under. I berekninga av kompensasjonen er det tatt omsyn til at sambanda som kjem inn under ordninga med gratis ferjer, òg blir kompensert gjennom løyvinga til generell takstkompensasjon. Denne løyvinga blir trekt frå kompensasjonen for gratis ferjer, slik at det same inntektsbortfallet ikkje blir kompensert dobbelt.
Kompensasjonen til takstreduksjon har i perioden 2021–2023 blitt fordelt etter dei estimerte billettinntektene som blir brukt i utrekninga av kriteriet normerte ferjekostnader i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane. I 2022 og 2023 er dette gjort ved å korrigere på utrekninga av ferjekriteriet, og fordelinga er derfor ikkje vist særskilt i Grønt hefte (den berekningstekniske dokumentasjonen til statsbudsjettet som viser fordelinga av rammetilskot per fylkeskommune). Det er likevel mogleg å lage eit anslag på korleis kompensasjonen er fordelt ut frå dei estimerte billettinntektene til kvar enkelt fylkeskommune. Anslaget er vist i tabellen under.
Tabell 1 Anslag på fordeling av kompensasjon for takstreduksjon og innføring av gratis ferjer. Millionar kroner, nominelle tal
Takstreduksjon Gratis ferje
Fylkeskommune 2021 2022 2023 2022 2023
Viken 1,0 3,3 6,4 0,0 5,5
Oslo 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Innlandet 0,2 0,6 0,6 0,6 1,1
Vestfold og Telemark 0,0 3,3 5,0 3,7 6,1
Agder 1,3 4,1 5,9 0,4 2,0
Rogaland 4,4 13,7 16,1 8,9 16,9
Vestland 39,6 122,7 163,9 15,6 34,1
Møre og Romsdal 57,9 179,5 212,3 7,1 23,4
Trøndelag 19,4 60,1 76,7 4,4 9,4
Nordland 18,6 57,7 79,3 29,2 59,1
Troms og Finnmark 11,2 34,8 48,1 13,0 23,2
Sum 153,6 479,9 614,4 83,0 180,8
Frå og med 2024 er kompensasjonen for både gratis ferjer og reduserte ferjetakstar fordelt gjennom ein justert versjon av kriteriet normerte ferjekostnader i kostnadsnøkkelen, i tråd med forslaget frå regjeringa i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024. Justeringane som er gjort i ferjekriteriet skal sikre at kompensasjonen for takstreduksjon og gratis ferjer blir fordelt mest mogleg riktig. Dei fylkeskommunane som har den største reduksjonen i billettinntekter, skal òg ha den største delen av kompensasjonen. I praksis skjer dette ved at kompensasjonen er fordelt om lag som etter fylkeskommunane sin prosentdel av dei estimerte billettinntektene i utrekninga av ferjekriteriet.
Ei endring i modellen for å rekne ut ferjekriteriet frå og med 2024 gjer at det ikkje er mogleg å berekne nøyaktig korleis kompensasjonen for gratis ferjer og/eller reduserte ferjetakstar er fordelt til den enkelte fylkeskommunen. Justeringane i utrekninga av kriteriet bygger mellom anna på analysar av billettinntektene slik dei var våren 2022, altså etter at takstane allereie var justert ned samanlikna med januar 2021. Dette gjer det umogleg å isolera dei ulike effektane for den einskilde fylkeskommunen, sidan ein ikkje har tal på korleis modellen for å estimere billettinntekter ville vore utan takstreduksjon og gratis ferje. For å gjere ei slik berekning ville det òg vore nødvendig å hente inn grunnlagsdata for ferjesambanda som i dag er gratis, som departementet ikkje har og som truleg ikkje finst. Med den nye modellen blir det mellom anna teke omsyn til kor stor del av køyretøya på eit ferjesamband som nyttar rabattordningar. Opplysningar om dette finst ikkje for samband som er gratis, sidan dei uansett ikkje tek betaling.
Dette betyr at det ikkje er mogleg å berekne korleis ferjekriteriet ville vore utan takstreduksjon og gratis ferjer, og dermed kan ein heller ikkje berekne korleis kompensasjonen på 1 046 mill. kroner er fordelt i forslaget til statsbudsjett for 2024.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.