Spørretimespørsmål nr. 2 · 2023-2024
Arbeids- og inkluderingsminsteren har i svar på skriftleg spørsmål gjort greie for at kjøp av tenester frå ei verksemd som består av berre éin person ikkje blir rekna som innleige. Likevel får vi …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til arbeids- og inkluderingsministeren, Tonje Brenna, 30. november 2023.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Arbeids- og inkluderingsministeren · Tonje Brenna
- Datert
- 30. november 2023
- Besvart
- 6. desember 2023
Arbeidsliv · Næringsliv
Spørsmål
Arbeids- og inkluderingsminsteren har i svar på skriftleg spørsmål gjort greie for at kjøp av tenester frå ei verksemd som består av berre éin person ikkje blir rekna som innleige. Likevel får vi tilbakemelding frå sjølvstendig næringsdrivande i eittpersonføretak om at dei ikkje kan søke om godkjenning som bemanningsføretak og tolkar regelverk/informasjon på Arbeidstilsynets nettsider slik at dei må tilsetjast.
Kan dei som driv verksemd med éin tilsett og eittpersonføretak halde fram med å levere tenester etter 1. januar 2024?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.