Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 554 · 2023-2024

Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokaliserast til Oslo-regionen (Fornebu, 35 minutts spasertur frå Oslo sentrum). Kan kommunal- og distriktsministeren gjere …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 29. november 2023. Svaret kom 6. desember 2023.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Datert
29. november 2023
Besvart
6. desember 2023

Spørsmål

Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokaliserast til Oslo-regionen (Fornebu, 35 minutts spasertur frå Oslo sentrum).
Kan kommunal- og distriktsministeren gjere greie for kvifor Bergen vart valt vekk som lokaliseringsalternativ, og korleis denne avgjerda heng saman med regjeringa sine retningsliner om at nye statlege arbeidsplassar som hovudregel skal plasserast utanfor hovudstadsområdet?

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 6. desember 2023

Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. I tråd med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon, er det det einskilde fagdepartement sitt ansvar at retningslinjene blir følgde i lokaliseringssaker. Fagdepartementa er og ansvarlege for å gjere det endelege vedtaket om lokalisering. Forslag om å etablere eller flytte statlege verksemder til Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane skal alltid leggjast fram for regjeringa, med fagdepartementet si anbefaling og tilråding. I denne saka er det Utanriksdepartementet som har vurdert lokaliseringa av den nye etaten for arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar. Kommunal- og distriktsdepartementet si rolle i slike saker er å rettleie fagdepartementa i tråd med retningslinjene.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.