Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 412 · 2023-2024

Kva synes statsråden om at Hå kommune vel å byggje ny skule på matjord i staden for å byggje ny skule på eksisterande skuletomt, og er dette i tråd med regjeringa sin jordvernsstrategi?

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til landbruks- og matministeren, Geir Pollestad, 12. november 2023. Svaret kom 21. november 2023.

Til
Landbruks- og matministeren · Geir Pollestad
Datert
12. november 2023
Besvart
21. november 2023

Spørsmål

Kva synes statsråden om at Hå kommune vel å byggje ny skule på matjord i staden for å byggje ny skule på eksisterande skuletomt, og er dette i tråd med regjeringa sin jordvernsstrategi?

Begrunnelse

Hå kommune har i kommuneplanen sin ønska ei flytting av eksisterande skule på Vigrestad til eit område i utkanten av bygda som i dag er matjord. Eksisterande skuletomt har ledig kommunalt areal tilgrensande til å kunne byggje ny skule i tråd med ønska der. Fylkesutvalet i Rogaland fatta 14. februar 2023 vedtak om motsegn på den nye skuletomta.
18. august vart det gjennomført mekling. Hå kommune delegasjonen sin vart leia av tidlegare Hå-ordførar Jonas Skrettingland (Krf) og tidlegare Hå-varaordførar Svein Høyland (Sp). Rogaland fylkeskommune delegasjonen sin vart leia av tidlegare fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (Sp). I meklinga valde fylkeskommunen å trekke motsegna.
Regjeringa la nyleg fram ein ny nasjonal jordvernsstrategi som Stortinget handsama i juni i år. Denne strategien inneheld eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet.
Eksisterande skuletomt ligg godt i forhold til noverande elevmasse i bustadområda i Vigrestad. Det vil vere berekraftig å gjenbruka eksisterande tomt utan at dagens landbruksjord blir nytta til utbygging. Den nye skuletomta vil også medføre nedbygging av landbruksjord for å etablere nytt vegsamband.

Svar

Landbruks- og matministeren Geir Pollestad, 21. november 2023

Kommunane har ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på matjorda, fordi det er dei som er den lokale planstyresmakta, og i hovudsak avgjer arealbruken i kommunane. Sjølv om eg ikkje kan gå inn i enkeltsaker utan vidare, er det likevel viktig for meg å følgje med på kva kommunane gjer i slike saker, ikkje minst med tanke på kva for tiltak me må gjere for å nå målet i den nye nasjonale jordvernstrategien.
Den nye jordvernstrategien blei vedteken av Stortinget 15. juni i år, med eit nytt og skjerpa mål, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar pr år (ned frå 3 000 dekar), og at målet skal bli nådd innan 2030. Eg meiner at dette både er eit ambisiøst og realistisk mål som vi må nå.
Det er statsforvaltaren som skal vareta jordvernet i denne typen saker på vegne av oss, om kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad varetar dei.
Heile området som er aktuelt for å bygge ny skule, var sett av til planformål som inneberer omdisponering av dyrka jord (friområde og tenesteyting) og i den førre kommuneplanen. Det bør likevel ikkje vere eit avgjerande argument, sidan me er avhengig av at kommunane fører attende mykje av det arealet som er sett av til byggeformål og liknande i kommuneplanane. Det er nemleg sett av svært mykje slikt areal som enno ikkje er bygd ut. Dette kjem fram i ein ny rapport til NINA («Planlagt utbyggingsareal i kommunane», aug. 2023). Berre når det gjeld jordbruksareal er det avsett minst ca. 140 000 dekar dyrka mark til utbyggingsformål i disse planane.
Statsforvaltaren fremma ikkje motsegn i denne saka i Hå kommune, men hadde eit fagleg råd om at delar av arealet, særleg den fulldyrka jorda, blir ført tilbake til LNF-formål (landbruks- natur- og friluftsformål), eller at det blir sett føresegn om at areal som ikkje blir nytta til tenesteyting, skal førast tilbake til LNF-formål.
Om me skal nå jordvernmålet, må kommunane føre ein strengare jordvernpolitikk, og unngå utbygging på dyrka mark som ikkje er heilt nødvendig ut frå sterke samfunnsomsyn. Eg vil derfor oppmode kommunepolitikarane i Hå kommune og andre kommunar om å sjå grundig på denne type saker, slik at ein bygger ned minst mogleg jordbruksareal, og særleg fulldyrka jord.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.