Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 6 · 2023-2024

Spørsmålet mitt går ikkje veldig overraskande til samferdselsministeren. Dødsulukkene aukar også i 2023. Tala per september er 100 drepne i trafikken kontra 89 det siste året, som var ei alarmerande …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 25. oktober 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
25. oktober 2023
Besvart
25. oktober 2023

Samferdsel · Vegtrafikk · Vegvesen · Lokalforvaltning · Fylkeskommunenes økonomi

Spørsmål

Spørsmålet mitt går ikkje veldig overraskande til samferdselsministeren.

Dødsulukkene aukar også i 2023. Tala per september er 100 drepne i trafikken kontra 89 det siste året, som var ei alarmerande auking frå åra tidlegare. Regjeringa svarar ut denne svært alvorlege situasjonen med å kutte i vegvedlikehaldet med 400 mill. kr kontra siste saldering av budsjett og sørgjer for at etterslepet på vedlikehald av vegar landet rundt aukar med 1,2 mrd. kr.

Fylkesvegane står for om lag 50 pst. av dei alvorlege ulukkene og dødsulukkene på norske vegar. Cirka 30 pst. av ulukkene skjer grunna dårleg bane. Regjeringa kjem no med skarve 26 mill. kr i auking til fordeling til fylka, til vegpakkar, i tillegg til overføringane til fylkeskommunane, som i realiteten ikkje støttar deflatoren ein gong. Dette fører til mindre pengar til asfalt og vedlikehald også på fylkesvegane.

Synest samferdselsministeren at dette er ein forsvarleg vegpolitikk? Kvifor fører regjeringa ein livsfarleg samferdselspolitikk som medfører mindre pengar til vegvedlikehald, mindre pengar til asfalt, mindre midt- og kantmerking og farlege vegar landet rundt?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.