Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Interpellasjon nr. 8 · 2023-2024

om kva regjeringa meiner om utviklinga i retning meir utanlandsk eigarskap i norske bedrifter som følgje av skjerpa særskattar på norsk eigarskap, og kva planen er for å hindre vidare nedbygging av privat norsk eigarskap

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Jan Christian Vestre, 6. november 2023.

Til
Næringsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
6. november 2023
Besvart
23. november 2023

Næringsliv · Finanser · Skatter

Spørsmål

Andre land i Europa har dei siste åra målretta lagt til rette for å sikre privat nasjonalt eigarskap i næringslivet, mellom anna som følgje av ein ny tryggleikspolitisk situasjon. I Noreg har regjeringa gjennom skjerpa særskattar på norsk eigarskap tvert imot gjort det meir gunstig for norske bedrifter å ha utanlandske eigarar, slik at til dømes ingen store ferjereiarlag lenger har norske eigarar.
Kva meiner regjeringa om denne utviklinga, og kva er regjeringa sin plan for å hindre vidare nedbygging av privat norsk eigarskap?

Interpellasjoner besvares i en debatt i Stortinget. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.