Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Spørretimespørsmål nr. 4 · 2023-2024

Regjeringa har vore ute med representantar frå regjeringspartia rundt omkring i landet og skrytt voldsomt over at ein har innført gratisferjer til ulike øysamfunn. Samtidig har ein opplevd at enkelte …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. oktober 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
18. oktober 2023
Besvart
25. oktober 2023

Samferdsel · Vegtrafikk · Vegvesen · Ferger

Spørsmål

Regjeringa har vore ute med representantar frå regjeringspartia rundt omkring i landet og skrytt voldsomt over at ein har innført gratisferjer til ulike øysamfunn. Samtidig har ein opplevd at enkelte fylke har kutta i ferjeavgangar i slike samband som har vorte gratis, til store protestar frå innbyggjarane der. I tillegg har ein prestert å ikkje gjere dette gratisprinsippet gjeldande for Nordøyane i Møre og Romsdal, eit øysamfunn som det med gratis ferjedrift hadde vorte kostnadsfritt å reise til og frå.
Vil statsråden bidra til at også øysamfunnet på Nordøyane i Møre og Romsdal får gratis ferjesamband?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.