Skriftlig spørsmål nr. 129 · 2023-2024
Er finansministeren samd i at formuesskatten i praksis blir skjerpa i framlegget til statsbudsjett for 2024 ved at innslagspunkta ikkje er inflasjonsjusterte, og kor mykje ekstra proveny får staten inn gjennom formuesskatt i 2024 ved ikkje å inflasjonsjustere innslagspunkta?
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til finansministeren, Trygve Slagsvold Vedum, 15. oktober 2023. Svaret kom 19. oktober 2023.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Finansministeren · Trygve Slagsvold Vedum
- Datert
- 15. oktober 2023
- Besvart
- 19. oktober 2023
Spørsmål
Er finansministeren samd i at formuesskatten i praksis blir skjerpa i framlegget til statsbudsjett for 2024 ved at innslagspunkta ikkje er inflasjonsjusterte, og kor mykje ekstra proveny får staten inn gjennom formuesskatt i 2024 ved ikkje å inflasjonsjustere innslagspunkta?
Svar
Finansministeren Trygve Slagsvold Vedum, 19. oktober 2023
Eg er ikkje samd i at formuesskatten blir skjerpa i framlegget til statsbudsjett for 2024. Endringane i formuesskatten summerer seg til eit provenytap på 427 mill. kroner påløpt. Av dette vert 252 mill. kroner bokført i 2024, sjå tabell 1.1 i Prop. 1 LS (2023-2024). Endringane er nærare beskrivne i kapittel 4.
Det stemmer at botnfrådraget i formuesskatten på 1,7 mill. kroner, innslagspunktet på 20 mill. kroner for trinn 2 og beløpsgrensa på 10 mill. kroner for høg verdsetjing av primærbustad blir vidareførte nominelt. Isolert sett er desse forslaga anslått å auka provenyet med 23 mill. kroner påløpt og 18 mill. kroner bokført i 2024, sjå punkt 4.1 i Prop. 1 LS (2023-2024).
I punkt 4.2 i Prop. 1 LS (2023-2024) kjem det fram at regjeringa vil auke kalkulasjonsrenta som blir nytta ved berekning av marknadsverdien av næringseigedom for formuesskatteformål med 1 pst. for eigedommar som er lokaliserte utanfor storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Denne endringa er anslått å redusere provenyet med om lag 450 mill. kroner påløpt og 270 mill. kroner bokført i 2024.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.