Skriftlig spørsmål nr. 91 · 2023-2024
Kan samferdselsministeren leggje fram oppdaterte tall på hardt skadde og døde i trafikken dette året, fordelt pr. riksveg, fylkesveg, og fordelt pr fylke?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. oktober 2023. Svaret kom 17. oktober 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 11. oktober 2023
- Besvart
- 17. oktober 2023
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram oppdaterte tall på hardt skadde og døde i trafikken dette året, fordelt pr. riksveg, fylkesveg, og fordelt pr fylke?
Begrunnelse
Antall hardt skadde og døde i trafikken var høgt sist år, og det ser dessverre ut til å bli enda verre dette året.
Det er viktig å få ei oversikt over kvar disse ulykkene er, fordelt på riksveg, fylkesveg og fylkesvis.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 17. oktober 2023
Statens vegvesen oppdaterer denne ulykkesoversikta kvar månad når det gjeld drepne. Tala på drepne i 2023 er førebelse og kan bli justert når politietterforskinga i ulykkene er ferdig.
For hardt skadde er det eit etterslep i rapporteringa slik at der har Statens vegvesen berre oppdaterte tal til og med mai 2023.
Fordeling av hardt skadde på vegkategori* er:
Vegkategori Talet på hardt skadde
E Europaveg 40
R Riksveg 15
F Fylkesveg 83
K Kommunal veg 18
* totaltalet i denne tabellen stemmer ikkje med talet 176 som oppgitt over. For mange av ulykkene med hardt skadde er vegkategori ukjend, og privat veg er ikkje inkludert.
Alle tal for 2023 er førebels og kan bli endra etter kvart som meir informasjon om ulykkene blir tilgjengeleg.
Oppdaterte tal finst på vegvesenet si nettside:
https://www.vegvesen.no/fag/fokusomrader/trafikksikkerhet/ulykkesdata/
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.