Skriftlig spørsmål nr. 76 · 2023-2024
Når vil regjeringa si konklusjon og tilråding til Stortinget liggja føre, og kva milepeler ser regjeringa for seg fram mot ei slik tilråding?
Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 9. oktober 2023. Det ble besvart av fiskeri- og havministeren Cecilie Myrseth. Svaret kom 20. oktober 2023.
- Fra
- Ove Trellevik (H)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
- Besvart av
- Fiskeri- og havministeren · Cecilie Myrseth
- Datert
- 9. oktober 2023
- Besvart
- 20. oktober 2023
Spørsmål
Når vil regjeringa si konklusjon og tilråding til Stortinget liggja føre, og kva milepeler ser regjeringa for seg fram mot ei slik tilråding?
Begrunnelse
Ekspertutvalet som fekk i oppdrag å vurdera og tilrå vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, la tysdag 20. september 2022 fram rapporten sin. Regjeringa har tidligare signalisert at si tilråding om mulig kunne skje i framlegginga av Prop. 1 S (2023-2024). Som kjent kom det ikkje noko ny informasjon i budsjettet.
Svar
Fiskeri- og havministeren Cecilie Myrseth, 20. oktober 2023
Denne saka fortener at det blir sett eit endeleg punktum så raskt som mogeleg. Rapporten frå ekspertutvalet og høyringssvara er til vurdering i Nærings- og fiskeridepartementet. Det er krevjande og komplekse vurderingar regjeringa no er i gong med, og dette arbeidet vil ta noko tid. Vi meiner det er viktig at vi bruker den tida som er naudsynt for å sikre at vi treff den rette avgjerda.
Det vil bli lagt fram forslag til vidare handtering av ubåtvraket og kvikksølvforureininga for Stortinget så snart som mogeleg etter at regjeringa har treft si avgjerd, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.