Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3231 · 2022-2023

Kan ministeren gi eit tidspunkt for når det kjem ei avgjerd frå olje- og energidepartementet om ei ny 420 kV kraftleidning frå Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune, ein ny Gismarvik transformatorstasjon og ei utviding av Blåfalli koplingsstasjon?

Sofie Marhaug (R) stilte spørsmålet til olje- og energiministeren, Terje Aasland, 25. september 2023. Svaret kom 29. september 2023.

Til
Olje- og energiministeren · Terje Aasland
Datert
25. september 2023
Besvart
29. september 2023

Spørsmål

Kan ministeren gi eit tidspunkt for når det kjem ei avgjerd frå olje- og energidepartementet om ei ny 420 kV kraftleidning frå Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune, ein ny Gismarvik transformatorstasjon og ei utviding av Blåfalli koplingsstasjon?

Begrunnelse

Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) har allereie levert si innstilling i saka.
Lokalsamfunnet er særleg uroa for eit vedtak om å legge ei ny kraftleidning som høgspentleidning, som er hovudregelen for nettutbygging i Noreg. Stortingsmelding 14 (2011-2012) «Vi bygger Norge - om utbygging av strømnettet» opnar likevel for unntak, sjølv om dette ikkje har vore vanleg til no.
Både kommunestyret i Etne og fylkestinget i Vestland har fatta vedtak der dei ber regjeringa om å gå for jord- og sjøkabel i staden for høgspentleidning mellom Blåfalli og Gismarvik. Det er både natur- og kulturgrunngjevingar for å gjere eit unntak. Å lytte til lokalsamfunnet som skal få nettet tvers igjennom kommunen er dessutan eit sjølvstendig argument for å legge leidninga i jord- og sjøkabel framfor ei ny høgspentleidning.

Svar

Olje- og energiministeren Terje Aasland, 29. september 2023

Statnett ble tildelt konsesjon til ny 420 kV kraftledning mellom Blåfalli og Gismarvik i statsråd fredag 29. september.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sofie Marhaug →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.