Skriftlig spørsmål nr. 3175 · 2022-2023
Kan statsråden gi ei oversikt over utviklinga i tal anløp i norske hamner frå russiske fiskefartøy før og etter at hamneadgangen vart avgrensa til tre hamner i oktober 2022, fordelt på høvesvis mindre fiskefartøy og større fartøy (trålarar)?
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 18. september 2023. Svaret kom 26. september 2023.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 18. september 2023
- Besvart
- 26. september 2023
Spørsmål
Kan statsråden gi ei oversikt over utviklinga i tal anløp i norske hamner frå russiske fiskefartøy før og etter at hamneadgangen vart avgrensa til tre hamner i oktober 2022, fordelt på høvesvis mindre fiskefartøy og større fartøy (trålarar)?
Svar
Fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran, 26. september 2023
Styresmaktene følgjer nøye med på russisk aktivitet i norske farvatn og i norske hamner. På bakgrunn av ny informasjon vart det i oktober vedteke ei innstramming i regelverket. Russiske fiskefartøy kan no berre anløpe hamnene i Tromsø, Båtsfjord og Kirkenes.
Dei russiske fiskefartøya som anløper dei tre nemnde hamnene, blir (i dei fleste tilfelle) fysisk kontrollert av Tolletaten. I tillegg er politiet meir synlege og har auka patruljering på aktuelle stader. Me har dessutan styrkt politiet og PST sitt arbeid i nord, mellom anna knytt til samansette truslar. Styresmaktene er klare til raskt å setje i verk ytterlegare tiltak om det skulle bli nødvendig.
Statistikk over anløp for Fastlands-Noreg før 2022 viser at russiske fiskefartøy før hamneforbodet anløp meir enn 15 hamner, medan dei etter 14. oktober 2022 har anløpt 3 hamner.
Ein naturleg måte å sjå på utviklinga i talet på anløp er å samanlikne tida etter 14. oktober 2022 og første halvår 2023, med tilsvarande periode i 2021/22. Statistikken for desse to periodane viser at talet på anløp med russiske fiskefartøy har gått ned med 21% totalt, frå 788 til 625. Av spørsmålet framgår det at ein vil ha oversikten fordelt på mindre og større fartøy. Eg kan informere om at det i norske havner i dag ikkje er vanleg med anløp av russiske fartøy innafor det vi i Noreg normalt omtalar som mindre fiskefartøy. Eg velger derfor å dele inn oversikten i fartøy over og under 50 m. For mindre fiskefartøy, opp til 50 meter lengde, er talet på anløp redusert med 32%, frå 170 til 116. For større fiskefartøy, over 50 meter lengde, er talet på anløp redusert med 17,5%, frå 618 til 509.
Ein annan måte å sjå på utviklinga er å samanlikne like periodar fleire år tilbake. Her er valt ut januar til august 2023 samanlikna med same periode tilbake til 2019. Også her ser ein at det har vore ein nedgang i talet på anløp etter at hamneadgangen for fiskefartøy vart avgrensa i oktober 2022.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.