Skriftlig spørsmål nr. 3111 · 2022-2023
Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over den totale organiseringa av Statens vegvesen for kvart fylke/region, avdeling til vegdirektoratet, med antall stillingar i 2021, 2022 og no i 2023, og satt opp og strukturert pr årlege budsjett for kvart fylke, region og sentral organisasjon?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 6. september 2023. Svaret kom 13. september 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 6. september 2023
- Besvart
- 13. september 2023
Spørsmål
Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over den totale organiseringa av Statens vegvesen for kvart fylke/region, avdeling til vegdirektoratet, med antall stillingar i 2021, 2022 og no i 2023, og satt opp og strukturert pr årlege budsjett for kvart fylke, region og sentral organisasjon?
Begrunnelse
Statens vegvesen er ein stor og byråkratisk organisasjon innan samferdselsdrifta her i landet. No med dagens regjering har samferdselssektoren blitt kutta betydeleg, bygging av veg, jernbane osv, og planlegging vorte kutta brutalt, medan ein ikkje kan sjå at Statens vegvesen har blitt "slanka" tilsvarande ang stillingar, byråkrati osv.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 13. september 2023
Statens vegvesen er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. Statens vegvesen skal utvikle gode vegsystem som alle kan bruke, der transporten ikkje fører til alvorleg skade på menneske eller miljø. Eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem er ein sentral berebjelke i samfunnet vårt og en viktig føresetnad for verdiskaping og velferd. Dette er Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag. Statens vegvesen har eit sektoransvar for å følgje opp nasjonale oppgåver for heile vegtransportsystemet og utfører samfunnsoppdraget sitt gjennom tre roller:
Fagorgan
Gir faglege råd til Samferdselsdepartementet, koordinerer internasjonalt arbeid og kollektivtransport, har ansvar for nasjonal trafikkberedskap og vegdatabank (NVDB).
Byggherre
Planlegg, prosjekterer, byggjer ut, driftar og vedlikeheld riksvegar.
Myndigheitsorgan
Utviklar regelverk, gjer kontroll og tekniske godkjenningar, gjer vedtak etter lov og forskrift
Statens vegvesen si organisering
Statens vegvesen blir leia av ein vegdirektør og består av Vegdirektoratet og seks divisjonar. Divisjonane har hovudkontor i kvar sin by og Statens vegvesen har brei representasjon rundt om i heile Noreg. Divisjon Transport og samfunn og divisjon Drift og vedlikehald er delte inn i fem geografiske område. Divisjon Utbygging er delt inn i fire utbyggingsområde med tilhøyrande pågåande utbyggingsprosjekt. Divisjon Trafikant og køyretøy har rett over 70 trafikkstasjonar og har representasjon av tilsette innanfor både trafikantområdet og køyretøyområdet over heile landet.
Avdelingsinndelinga i Vegdirektoratet går fram av organisasjonskartet under.
Divisjonane har hovudkontor i kvar sin by. Trafikant og kjøretøy har hovudkontor i Arendal, Utbygging i Bergen, Drift og vedlikehold i Tromsø, Transport og samfunn i Trondheim, IT i Drammen og Fellesfunksjoner og HR i Moss. Statens vegvesen har brei representasjon rundt om i heile Noreg. Følgjande kart viser Statens vegvesens lokasjoner pr. mars 2023 (henta frå Statens vegvesens årsrapport for 2022).
Statens vegvesen arbeider med å effektivisere verksemda. Regjeringa har sett mål for reduksjon av etaten sine interne kostnader som skal nåast i løpet av 2024. Statens vegvesen reduserer interne kostnader hovudsakleg gjennom lågare bemanning, reduksjon av konsulentkjøp og arealeffektivisering. Tiltak for å effektivisere arbeidsprosessar, forenkling og standardisering er også sentrale i dette effektiviseringsarbeidet.
I tildelingsbrevet stiller Samferdselsdepartementet økonomiske rammer til disposisjon til Statens vegvesen saman med prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav. Statens vegvesen fordeler vidare og fastset dei økonomiske rammene til divisjonar og underliggjande einingar innanfor dei føringane som er gitte i tildelingsbrevet.
Statens vegvesen vurderer bemanning i divisjonane og underliggjande einingar ut frå ressursbehov og overordna føringar om bemanning og ressursbruk frå departementet. Regjeringa vil redusere konsulentbruken og Statens vegvesen skal arbeide for å redusere konsulentbruken på område der det ligg til rette for å bruke interne ressursar og kompetanse. For å redusere interne kostnader, vil konsulentar bli erstatta med eigne tilsette på nokre område i Statens vegvesen. Dette medfører noko auka bemanning.
Tabellen viser utvikling i bemanning og rammer til Statens vegvesen dei siste tre åra:
2021 2022 2023*
Tal på tilsette ved årsslutt 4 923 4 909 4 890
Tal på utførte årsverk 4 540 4 649 4 718
Saldert budsjett Kap. 1320 Statens vegvesen (i 1 000 kr) 31 864 33 462 33 662
*tal per august 2023
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.