Skriftlig spørsmål nr. 3092 · 2022-2023
Kommunal- og distriktsdepartementet har til handsaming motsegn mot detaljreguleringsplan for eit steinbrot på Aksla i Bremanger kommune. Alle faglege fråsegner, m a Klima- og miljødepartementet, …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 5. september 2023. Svaret kom 12. september 2023.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
- Datert
- 5. september 2023
- Besvart
- 12. september 2023
Spørsmål
Kommunal- og distriktsdepartementet har til handsaming motsegn mot detaljreguleringsplan for eit steinbrot på Aksla i Bremanger kommune. Alle faglege fråsegner, m a Klima- og miljødepartementet, frårår sterkt at planen blir godkjend fordi etablering av steinbrot i området vil gå ut over kulturminne og landskap av nasjonal og internasjonal verdi, og at planforslaget bryt med kommuneplanen sin arealdel.
Kvar står saka no, og kan statsråden forsikre om at regjeringa ikkje vil overkøyre natur-, miljø- og landskapsomsyna i saka?
Begrunnelse
Bremanger kommune har fremja reguleringsplan for steinbrot på fjellet Aksla, med utskipingshamn på Inste Bårdvikneset i Frøysjøen. Reguleringsplanen er ikkje i tråd med kommuneplanen sin arealdel. Utskipingshamna vil øydelegge eit heilt spesielt landskapsrom utan veg frå fjord til fjell, med store landskapsverdiar som m.a. Vingen landskapsvernområde og Hornelen, Europas høgaste sjøklippe.
Både Statsforvaltaren og Miljødepartementet peiker på at utskipingshamna vil delvis byggje ned, og sterkt fragmentere, ein av de største naturtypelokalitetane med den særs sjelden naturtypen boreonemoral regnskog (norsk regnskog) i landet, som også omfattar tolv trua artar og ni norske ansvarsartar. Konsekvensutgreiinga manglar også utgreiing av alternativ til planlagde område for uttak og utskipingshamn av sandstein, herunder konsekvensar for miljø og samfunn. Konsekvensutgreiinga konkluderer også med at prosjektet ikkje vil gje betydelege positive verknader for kommunal økonomi.
Riksantikvaren har fremja motsegn ut frå planen sine verknader på kulturminne og landskap av både nasjonal og internasjonal verdi, og at planforslaget ikkje er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel.
Klima- og miljødepartementet konkluderer slik i si uttale til Kommunal- og distriksdepartementet dagsett 20. desember 2022:
«Klima- og miljødepartementet vurderer at reguleringsplanen for Aksla i Bremanger kommune er i strid med miljøverdier av nasjonal og vesentlig regional interesse. Etter en helhetlig vurdering tilrår Klima- og miljødepartementet at innsigelsene fra Statsforvalteren i Vestland og Riksantikvaren tas til følge.»
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 12. september 2023
Eg kan bekrefte at motsegna til detaljregulering for steinbrot på Aksla er til handsaming i Kommunal- og distriktsdepartementet. I handsaminga av saka vil eg sjå på heilskapen i planen, kor både omsynet til lokale, regionale og nasjonale interesse vert vurdert. Departementet vil prioritere å få avgjort saka innan rimeleg tid.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.