Skriftlig spørsmål nr. 3041 · 2022-2023
Kan samferdselsministeren leggje fram dei realistiske og rette talla for reduksjon av ferjeprisane, målt frå 1/1-2023 og fram til i dag?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 30. august 2023. Svaret kom 5. september 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 30. august 2023
- Besvart
- 5. september 2023
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram dei realistiske og rette talla for reduksjon av ferjeprisane, målt frå 1/1-2023 og fram til i dag?
Begrunnelse
I media og i valgkampen har vi opplevd at representantar frå regjeringspartia har skrytt hemningslaust over at regjeringa liksom har kutta 50 % av ferjeprisane.
Noko så greinalaust som å berekne eit slikt påstått kutt av ferjeprisane og forsøke å ta æra av dette, er gjennomført ved at ein har berekna kutt frå 1/1-2021.
1/1-2021 er som alle veit mange mnd. før dagens regjering tok til, og FØR FrP ilag med Høgreregjeringa kutta 25 % av ferjeprisane her i landet rekna frå 1/7-2021.
Å bruke kalkulator kan sikkert vere ei krevjandes øvelse, men å beregne sine sigrar i kutt av ferjeprisar langt før ein sjølv har kunne gjort noko med dette, og i tillegg ta æra av noko andre har gjort, er slett ikkje seriøst.
Vanlige folk er nok ikkje lettlurte dersom regjeringa trur dette, og vanlige folk er opptatt av ferjeprisane her og no, og kva som reelt vert kutta i så måte.
Alle prisar her i landet vert justert årleg, både pga. inflasjon men også av andre grunnar slik som den voldsomme prisauken på til dømes drivstoff og straum som sjølvsagt påverkar driftskostnadane til ferjedrifta. Sjølvsagt også all anna prisauke som har løpt løpsk med dagens regjering som har ført til kraftig renteauke i tillegg.
Derfor er det viktig for folke flest og næringslivet å få lagt reelle tall på bordet, kva som er kutta i ferjeprisane i 2023 målt mot 1/1-2023 slik at dette kan målast mot absolutt alle andre vanvittige prisaukar som vanlige folk har fått frå dagens regjering.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 5. september 2023
Eg visar til mitt svar til representanten på spørsmål nr. 2607 om same tema. Som eg skreiv så er samla endring av takst frå 1. januar 2022 til 16. august 2023 om lag -37 pst. Det bes no om tall frå 1. januar i år og fram til i dag. Samla endring av takst frå 1. januar 2023 til i dag, er på om lag -28,57 pst. For sambanda som vart gratis er endringa på -100 pst.
Takstregulativet «Autopass-regulativ for ferjetakstar» blir nytta på dei aller fleste av ferjesambanda som ikkje har blitt gratis. Tabellen under viser endringane av takst i dette regulativet, for perioden frå 1. januar 2021 til 16. august 2023. Tabellen viser også takstnivået etter endringane, med januar 2021 som utgangspunkt. Endring av takstnivået er i nominelle verdiar.
I Hurdalsplattforma er det eit mål å halvere takstane i ferjedrifta i fireårsperioden 2021–2025. Med løyvinga i statsbudsjettet for 2022 vart det lagt til rette for at takstane kunne bli redusert med 30 pst. samanlikna med takstane 1. januar 2021. I statsbudsjettet for 2023 er det sett av midlar som gjorde det mogleg frå 16. august 2023 å redusere takstane med ytterlegare 20 prosentpoeng, til 50 pst. under takstnivået 1. januar 2021. Målet i Hurdalsplattforma om å halvere takstane i ferjedrifta i fireårsperioden 2021–2025 vil dermed vere gjennomført.
Regjeringa har òg som mål å innføre ei ordning med gratis ferjer til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet, og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Frå 1. juli i 2022 er det løyvd midlar som legg til rette for å innføre gratis ferjer i trafikksvake samband. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd midlar som gjorde det mogleg frå 16. august 2023 å innføre gratis ferjer til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet, dvs. i ferjesamband som ikkje var omfatta av tiltaket i 2022. Med dette tiltaket vil målsettinga i Hurdalsplattforma om gratis ferje til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis, vere oppfylt.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.