Skriftlig spørsmål nr. 3039 · 2022-2023
Kan samferdselsministeren leggje fram kva status er i prosjektet pr dato, og når regjeringa har tenkt å sette dette prosjektet i gang?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 30. august 2023. Det ble besvart av fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran. Svaret kom 8. september 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Besvart av
- Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 30. august 2023
- Besvart
- 8. september 2023
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram kva status er i prosjektet pr dato, og når regjeringa har tenkt å sette dette prosjektet i gang?
Begrunnelse
Stad skipstunellen har vore prioritert i lang tid, og førrige regjering prioriterte prosjektet klar for prosjektering og bygging.
Dagens regjering har gjort stikk motsatt og utsatt oppstart av dette svært viktige prosjektet.
Svar
Fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran, 8. september 2023
Eg er einig med stortingsrepresentant Sve at Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt, som høgreregjeringa valde å ikkje sette i gang. Det er samstundes nødvendig å ha god kontroll med kostnadene i store statlege investeringsprosjekt. Regjeringa har difor valt å ta ein ekstra runde på Stad skipstunnel, sett i lys av utviklinga i prosjektet, og i norsk økonomi.
Som omtalt i Prop. 118 S (2022-2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023, har Kystverket utarbeidd ei oppdatert kostnads- og usikkerheitsanalyse som estimerer at kostnadsramma (P85) har auka frå 4 090 mill. kr til 7 132 mill. kroner (74 pst.) og styringsramma (P50) frå 3 450 mill. kroner til 5 652 mill. kroner (64 pst.). Det blei vidare varsla at regjeringa i lys av aukingane i kostnadsanslaga vil be Kystverket vurdere om prosjektet kan gjennomførast til ein lågare kostnad.
Kystverket har utarbeidd ein gjennomgang av moglege kostnadsreduksjonar, i tråd med omtalen i revidert budsjett. Regjeringa vil i budsjettet for 2024 orientere Stortinget om at vi vil igangsette ein anbodskonkurranse for bygging av Stad skipstunnel innanfor den kostnadsramma som Stortinget har vedtatt, justert for prisstigning.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.