Skriftlig spørsmål nr. 2954 · 2022-2023
Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis regjeringa har teke fatt i og korleis regjeringa har tenkt å finansiere skadeverket og konsekvensane etter stormen HANS, på ein rask og effektiv måte …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 22. august 2023. Svaret kom 30. august 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 22. august 2023
- Besvart
- 30. august 2023
Spørsmål
Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis regjeringa har teke fatt i og korleis regjeringa har tenkt å finansiere skadeverket og konsekvensane etter stormen HANS, på ein rask og effektiv måte som sørger for at kommunane og fylkeskommunane slepp unødvendig byråkratisk, heft og ressurskrevande ekstraarbeide i ei ellers vanskeleg tid?
Begrunnelse
Stormen HANS gjorde store skader på omfattande deler av vegnettet, bruer osv. i store delar av austlandet. Spesielt Innlandet vart hard råka. Øydeleggingane er av ein slik karakter at fylkeskommunane og kommunane ikkje taklar dette på eigen kjøl økonomisk. Frå regjeringa vart det varsla økonomisk hjelp via skjønnsmidlar og gjennom Statsforvaltaren. Dette er derimot begrensa midlar som er tilgjengeleg der, og dette er også betydeleg byråkratisk normalt sett.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 30. august 2023
Ekstremværet Hans har ført til omfattande skader på kommunal og fylkeskommunal infrastruktur og ein jobbar no med å få oversikt over skadane. Kommunesektoren skal være trygge på at staten stiller opp.
Kommunal- og distriktsdepartementet fordeler årleg ein del av rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar etter skjøn, mellom anna for å kompensere for kostnader ved uventa hendingar, fortrinnsvis naturskadar. I 2023 er potten til skjønsmidlar til uventa hendingar til kommunane (kap. 571, post 64) og fylkeskommunane (post 572, post 64) sett til høvesvis 120 og 50 mill. kroner, men ein mindre del av midlane er allereie utbetalt.
For aktuelle kommunar vil statsforvaltaren hente inn informasjon om skadeomfanget. Når informasjon om skadeomfanget er estimert og kartlagt, vil statsforvaltaren vurdere søknadene og sende desse til Kommunal- og distriktsdepartementet. Fylkeskommunane søker direkte til Kommunal- og distriktsdepartementet, som vurderer behovet for skjønstilskot i kvart enkelt tilfelle.
Når Kommunal- og distriktsdepartementet har fått tilstrekkeleg informasjon om omfanget av skadane, vil regjeringa på eigna tidspunkt fremje nødvendig forslag for Stortinget om tilleggsløyvingar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.