Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2747 · 2022-2023

Er det mogleg å få ein tabell med oversikt over kor mykje kvar enkelt kommune får i auka rammetilskot som fylgje av endra løyvingar i revidert nasjonalbudsjett, samanlikna med Gul bok, og eg ynksjer …

Birgit Oline Kjerstad (SV) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 1. august 2023. Svaret kom 10. august 2023.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
1. august 2023
Besvart
10. august 2023

Spørsmål

Er det mogleg å få ein tabell med oversikt over kor mykje kvar enkelt kommune får i auka rammetilskot som fylgje av endra løyvingar i revidert nasjonalbudsjett, samanlikna med Gul bok, og eg ynksjer også ei kolonne for den totale auken inkludert lønns- og prisjustering, og ei kolonne som viser reell auke i rammetilskotet?

Begrunnelse

Grunnmuren i velferdsstaten er kommunene og kommuneøkonomien er avgjerande for tenestetilbodet, forvaltninga av areal og ressursar rundt om i landet. Kommunenen har mange lovpålagte oppgåver og i tillegg er det viktig at kommunene har ressursar til å drive førebyggande arbeid, berekraftig forvalting og grøn samfunnsutvikling. Skal kvaliteten på tenestene vere høg er det avgjerande at kommunene utvikler og trekk til seg kompetanse i føreseielege faste stillingar og framstår som ein attraktiv arbeidsgjevar. Det er mål om meir heile og faste stillingar, at kommunene skal drive forebyggande arbeid og meir ansvarleg arealforvaltning. Alt dette vil krevje ressursar.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 10. august 2023

Vedlagte tabell viser kor mykje kvar enkelt kommune fekk i auka rammetilskot som fylgje av endra løyvingar i revidert nasjonalbudsjett. Kolonne 1 og 2 viser høvesvis innbyggjartilskot og rammetilskot for kommunane i saldert budsjett 2023. Kolonne 3-8 viser dei ulike endringane i innbyggjartilskotet i revidert nasjonalbudsjett 2023, mellom anna kompensasjon for auka kostnadsvekst, redusert trekk for konsesjonskraft og koronavaksinasjon til innbyggjarar over 75 år. Kolonne 9 summerer desse endringane. Kolonne 10 og 11 viser høvesvis innbyggjartilskot og rammetilskot for alle kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2023.
Regjeringa anslo i revidert nasjonalbudsjett kommunal deflator, lønns- og prisauke i kommunal sektor, til 5,2 prosent i 2023. Dette var ei auke på 1,5 prosentpoeng samanlikna med anslaga i nasjonalbudsjettet for 2023. Den ekstraordinære kostnadsauken utgjorde 6,9 mrd. kroner, og meirskatteauken vart anslått til 4,3 mrd. Basert på desse anslaga oversteig kostnadsauken meirskatteauken med 2,6 mrd. kroner.
Regjeringa auka kommunesektorens rammetilskot med til saman 3,2 mrd. kroner, kor 0,6 mrd. kroner kom på toppen av anslått netto kostnadsauke. 2,1 mrd. kroner gjekk til kommunane. Med dette dekka regjeringa den ekstraordinære kostnadsauken i kommunesektoren, og tok høgde for usikkerheit kring blant anna skatteinngang, kostnadsvekst og demografisk utvikling i lys av ein usikker internasjonal situasjon.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.