Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2695 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over overføringane til fylka til ferjedrifta dei siste 5 åra med framlagt berekningsgrunnlag, samt ei oversikt over samla overføringar til samferdsel generelt for dei ulike fylka i same tidsperiode?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 28. juni 2023. Svaret kom 6. juli 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
28. juni 2023
Besvart
6. juli 2023

Spørsmål

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over overføringane til fylka til ferjedrifta dei siste 5 åra med framlagt berekningsgrunnlag, samt ei oversikt over samla overføringar til samferdsel generelt for dei ulike fylka i same tidsperiode?

Begrunnelse

Vi kan frå dei fleste ferjefylka høyre ein klagesang over at ferjedrifta er underfinansiert frå Staten si side.
I fylke etter fylke høyrer vi også om smekkfulle disposisjonsfond, med milliardbeløp. Milliardbeløp som garantert ikkje har oppstått med bakgrunn i ei svelteforing av fylkeskommunane dei siste 8 åra frå den borgarlege regjeringa.
Her i Møre og Romsdal er disposisjonsfondet på omlag 800 mill. kr, og med bakgrunn i at det ligg an til mange hundre million kr i overskot i drifta for 2023, vil nok dette fondet passere 1 milliard kr.
Likevel kuttar den AP/SP styrte fylkeskommunene i Møre og Romsdal både i ferjedrifta og i heilt nødvendig vegvedlikehold. Kutt i vegvedlikehold er også direkte trafikkfarleg politikk, som vi har diskutert mange gongar i Stortinget.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 6. juli 2023

Fylkeskommunale samferdselstiltak blir i hovudsak finansiert gjennom inntektssystemet til fylkeskommunar. Inntektssystemet til fylkeskommunar fordeler rammetilskot og fordeler om på skatteinntektene mellom fylkeskommunane. Rammetilskotet og skatteinntektene er inntekter som fylkeskommunane disponerer fritt, utan andre bindingar frå staten enn gjeldande lover og reglar (såkalla frie inntekter). Dei frie inntektene utgjer hovuddelen av inntektene til fylkeskommunane og blir brukt til å finansiere fleire ulike oppgåver. Det overordna målet med systemet er å jamne ut dei økonomiske føresetnadane mellom fylkeskommunane og på den måten bidra til eit likeverdig tenestetilbod over heile landet.

I inntektssystemet for åra 2019–2023 har det vore fem ulike delkostnadsnøklar, som skal fange opp variasjonar i utgiftsbehovet innanfor dei ulike tenestene som inngår i utgiftsutjamninga: Vidaregåande opplæring, tannhelse, buss og bane, båt og ferje, og fylkesveg. Delkostnadsnøklane blir vekta saman til ein samla kostnadsnøkkel ut frå deira del av netto driftsutgifter til tenestene som inngår i utgiftsutjamninga.

Innanfor inntektssystemet er det òg midlar som ikkje blir fordelte etter dei ordinære kriteria i inntektssystemet, men som blir gitt ei særskild fordeling. Særskild fordeling er eit unntak frå hovudregelen om at rammetilskotet skal fordelast etter ordinære kriterium. Dette er like fullt frie inntekter som fylkeskommunane kan disponere som dei vil, på lik linje med rammetilskotet elles. Talet på saker med særskild fordeling med relevans for vegsektoren har variert frå år til år. I åra 2019–2023 er det lågaste talet fem saker (2020) og det høgste talet åtte saker (2021).

I tillegg til overføringar gjennom inntektssystemet er det øyremerkte tilskot retta mot vegformål i fylkeskommunane på Samferdselsdepartementets budsjett.

I grunngjevinga for spørsmålet kommenterer representanten fylkeskommunal ferjedrift og vedlikehald av fylkesveg. I svaret på spørsmålet avgrensar eg derfor oversiktene til vegsektoren, inkl. ferjedrifta. Nedanfor følgjer tabellar for kvart av åra 2019–2023 som viser kor mykje som er fordelt etter delkostnadsnøklane for båt og ferje og fylkesveg i utgiftsutjamninga og midlar som er gitt ei særskild fordeling grunngjeve med vegformål i inntektssystemet. Til slutt følgjer ein tabell som viser øyremerkte tilskot på Samferdselsdepartementets budsjett til fylkeskommunale vegformål.



Tabell 1: Vegformål i frie inntekter 2019. I mill. kr.
Fylkeskommune Utgiftsutjamninga 2019 Særskild fordeling 2019
Båt- og ferje-nøkkelen Fylkesveg-nøkkelen Opprusting og fornying av fylkesvegnettet Kompensasjon tunnelsikkerheits-forskrifta Kompensasjon CO2-avgift -
2 saker Ferjeavløysingsmidlar Midlar til vegadministrasjon Styrking av båt- og ferjesektoren
Østfold 20,9 414,2 33,5 0,0 0,0 0,0 0,0 0,6
Akershus 33,8 666,5 31,9 1,6 1,6 0,0 0,0 0,9
Oslo 7,0 332,0 5,5 0,0 0,4 0,0 9,1 0,2
Hedmark 0,0 609,6 51,6 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Oppland 10,6 571,4 40,6 0,0 0,0 0,0 0,0 0,3
Buskerud 4,0 469,6 88,1 3,4 0,0 0,0 0,0 0,1
Vestfold 23,0 403,7 25,7 2,0 0,0 0,0 0,0 0,6
Telemark 26,5 394,4 81,4 2,1 0,0 0,0 0,0 0,7
Aust-Agder 35,4 299,9 40,3 1,5 0,0 0,0 0,0 1,0
Vest-Agder 45,7 416,1 68,9 4,7 0,0 0,0 0,0 1,3
Rogaland 284,4 705,3 65,4 15,8 7,3 8,6 0,0 8,0
Hordaland 543,5 936,0 174,9 43,6 2,5 11,0 0,0 15,3
Sogn og Fjordane 269,6 518,0 108,1 72,0 0,0 37,8 0,0 7,6
Møre og Romsdal 550,3 766,5 150,6 51,3 0,0 22,5 0,0 15,5
Nordland 914,5 831,9 211,7 58,4 0,0 13,4 0,0 25,7
Troms 293,6 624,9 158,2 28,7 0,0 23,8 0,0 8,2
Finnmark 248,9 318,1 53,0 0,0 1,5 0,0 0,0 7,0
Trøndelag 349,3 1 206,4 103,0 16,9 4,6 0,0 0,0 9,8
Sum 3 661,1 10 484,5 1 492,5 302,0 17,9 117,1 9,1 102,8
Tabellforklaring:
Kolonne 1: Beløp utløyst av båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet 2019
Kolonne 2: Beløp utløyst av fylkesvegnøkkelen i inntektssystemet 2019
Kolonne 3: Midlar til opprusting og fornying av fylkesvegnettet, fordelt etter kartlegging vedlikehaldsetterslep
Kolonne 4: Kompensasjon for meirutgifter til iverksetting av tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesvegar
Kolonne 5: Kompensasjon for auke i CO2-avgiften / kompensasjon for oppheving av fritak for CO2-avgiften
Kolonne 6: Ferjeavløysingsmidlar
Kolonne 7: Midlar til vegadministrasjon for Oslo (som ikkje kunne nytte seg av sams vegadministrasjon)
Kolonne 8: Midlar til styrking av båt- og ferjesektoren, innlemma i kostnadsnøkkelen frå 2020


Tabell 2: Vegformål i frie inntekter 2020. I mill. kroner
Fylkeskommune Utgiftsutjamninga 2020 Særskild fordeling 2020
Båt- og ferje-nøkkelen Fylkesveg-nøkkelen Opprusting og fornying av fylkesveg-nettet Kompensasjon tunnelsikkerheitsforskrifta Ras- og skred-sikring fylkesveg Ferje-avløysingsmidlar Midlar til veg-administrasjon
Oslo 7,6 405,0 5,7 0,0 0,0 0,0 9,4
Rogaland 296,4 750,0 67,5 27,6 26,7 8,8 99,3
Møre og Romsdal 566,1 791,5 155,3 0,0 84,4 23,1 84,8
Nordland 982,8 850,2 218,3 83,2 62,4 13,7 88,1
Viken 53,3 1 693,1 158,3 8,5 12,3 0,0 201,9
Innlandet 10,5 1 155,2 95,1 0,0 13,6 0,0 119,3
Vestfold og Telemark 49,2 833,7 110,4 4,7 29,6 0,0 118,2
Agder 89,7 725,0 112,6 5,4 6,3 0,0 89,2
Vestland 862,2 1 558,5 291,8 89,4 413,3 50,0 181,8
Trøndelag 410,1 1 248,7 106,2 19,8 0,0 0,0 120,5
Troms og Finnmark 591,7 983,9 217,7 72,8 147,6 24,4 95,9
Sum 3 919,6 10 994,7 1 538,8 311,4 796,3 120,0 1 208,4
Tabellforklaring:
Kolonne 1: Beløp utløyst av båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet 2020
Kolonne 2: Beløp utløyst av fylkesvegnøkkelen i inntektssystemet 2020
Kolonne 3: Midlar til opprusting og fornying av fylkesvegnettet, fordelt etter kartlegging vedlikehaldsetterslep
Kolonne 4: Kompensasjon for meirutgifter til iverksetting av tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesvegar
Kolonne 5: Tilskot til skredsikring av fylkesveg, tidlegare øyremerkt tilskot
Kolonne 6: Ferjeavløysingsmidlar
Kolonne 7: Overføring av sams vegadministrasjon til fylkeskommunane, samt vegadministrasjon Oslo



Tabell 3: Vegformål i frie inntekter 2021. I mill. kroner
Fylkeskommune Utgiftsutjamninga 2021 Særskild fordeling 2021
Båt- og ferje-nøkkelen Fylkesveg-nøkkelen Opprusting og fornying av fylkesveg-nettet Kompensasjon tunnelsikkerheits-forskrifta Ras- og skred-sikring fylkesveg Ferje-avløysingsmidlar Midlar til veg-administrasjon Null- og lågutsleppsferjer og -hurtigbåtar Reasftaltering av fylkesveg Kompensasjon for reduserte ferjetakstar
Oslo 6,5 428,1 5,8 0,0 0,0 0,0 9,7 0,0 7,3 0,0
Rogaland 349,2 820,8 69,3 21,7 27,4 9,1 101,9 3,2 14,0 4,4
Møre og Romsdal 610,0 848,3 159,5 73,5 86,7 19,6 87,1 19,4 14,5 57,9
Nordland 1 078,1 902,3 224,2 65,8 64,1 14,0 90,5 13,0 15,4 18,6
Viken 61,2 1 801,5 162,6 6,7 12,6 0,0 207,3 0,1 30,8 1,0
Innlandet 11,7 1 219,5 97,6 0,0 14,0 0,0 122,6 0,1 20,9 0,2
Vestfold og Telemark 53,4 877,9 113,4 3,7 30,4 0,0 121,4 0,0 15,0 0,0
Agder 94,9 776,5 115,7 4,3 6,5 0,0 91,6 0,2 13,3 1,3
Vestland 949,7 1 648,7 299,7 70,7 424,5 51,3 186,7 51,6 28,2 39,6
Trøndelag 451,2 1 321,6 109,1 15,7 0,0 0,0 123,7 7,2 22,6 19,4
Troms og Finnmark 656,8 1 044,6 223,6 57,6 151,6 25,0 98,5 5,2 17,9 11,2
Sum 4 322,9 11 689,9 1 580,3 319,8 817,8 118,9 1 241,0 100,0 200,0 153,6
Tabellforklaring:
Kolonne 1: Beløp utløyst av båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet 2021
Kolonne 2: Beløp utløyst av fylkesvegnøkkelen i inntektssystemet 2021
Kolonne 3: Midlar til opprusting og fornying av fylkesvegnettet, fordelt etter kartlegging vedlikehaldsetterslep
Kolonne 4: Kompensasjon for meirutgifter til iverksetting av tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesvegar
Kolonne 5: Tilskot til skredsikring av fylkesveg, tidlegare øyremerkt tilskot
Kolonne 6: Ferjeavløysingsmidlar
Kolonne 7: Overføring av sams vegadministrasjon til fylkeskommunane, og vegadministrasjon Oslo, innlemma i kostnadsnøkkelen i 2022
Kolonne 8: Midlar til null- og lågutsleppsferjer og -hurtigbåtar
Kolonne 9: Midlar til reasfaltering av fylkesveg
Kolonne 10: Midlar til reduserte ferjetakstar

Tabell 4: Vegformål i frie inntekter 2022. I mill. kroner
Fylkeskommune Utgiftsutjamninga 2022 Særskild fordeling 2022
Båt- og ferje-nøkkelen Fylkesveg-nøkkelen Opprusting og fornying av fylkesveg-nettet Kompensasjon tunnel-sikkerheits-forskrifta Ras- og skred-sikring fylkesveg Ferjeavløysingsmidlar Null- og lågutsleppsferjer og -hurtigbåtar Kompensasjon reduserte ferjetakstar Kompensasjon for gratis ferje
Oslo 0,8 470,6 6,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Rogaland 353,3 979,8 71,0 37,9 29,2 0,0 3,2 6,9 8,9
Møre og Romsdal 714,4 957,5 163,4 128,5 92,3 20,1 19,9 90,4 7,1
Nordland 1 151,7 1 035,7 229,8 115,1 68,3 14,4 13,3 29,1 29,2
Viken 69,8 2 019,2 166,7 11,7 13,5 0,0 0,1 1,6 0,0
Innlandet 12,4 1 394,1 100,1 0,0 14,9 0,0 0,1 0,3 0,6
Vestfold og Telemark 58,8 1 010,6 116,2 6,5 32,4 0,0 0,0 1,7 3,7
Agder 63,8 892,3 118,5 7,4 6,9 0,0 0,2 2,1 0,4
Vestland 1 079,0 1 865,1 307,2 123,5 452,0 52,5 52,9 61,8 15,6
Trøndelag 465,3 1 508,0 111,8 27,4 0,0 0,0 7,4 30,2 4,4
Troms og Finnmark 719,4 1 230,4 229,2 100,6 161,4 25,6 5,4 17,5 13,0
Sum 4 688,7 13 363,5 1 619,8 558,8 870,8 112,6 102,5 241,6 83,0
Tabellforklaring:
Kolonne 1: Beløp utløyst av båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet 2022
Kolonne 2: Beløp utløyst av fylkesvegnøkkelen i inntektssystemet 2022
Kolonne 3: Midlar til opprusting og fornying av fylkesvegnettet, fordelt etter kartlegging vedlikehaldsetterslep
Kolonne 4: Kompensasjon for meirutgifter til iverksetting av tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesvegar
Kolonne 5: Tilskot til skredsikring av fylkesveg, tidlegare øyremerkt tilskot
Kolonne 6: Ferjeavløysingsmidlar
Kolonne 7: Midlar til null- og lågutsleppsferjer og -hurtigbåtar
Kolonne 8: Midlar til reduserte ferjetakstar, innlemma i kostnadsnøkkelen frå 2023
Kolonne 9: Midlar til gratis ferje på trafikksvake samband
Tabell 5: Vegformål i frie inntekter 2023. I mill. kroner
Fylkeskommune Utgiftsutjamninga 2023 Særskild fordeling 2023
Båt- og ferje-nøkkelen Fylkesveg-nøkkelen Opprusting og fornying av fylkesveg-nettet Kompensasjon tunnelsikkerheits-forskrifta Ras- og skred-sikring fylkesveg Ferjeavløysingsmidlar Null- og lågutsleppsferjer og -hurtigbåtar Kompensasjon for gratis ferje
Oslo 0,8 500,4 6,2 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Rogaland 362,3 1 033,5 73,6 39,3 30,3 0,0 3,4 16,9
Møre og Romsdal 814,2 1 081,1 169,5 133,3 95,7 65,2 20,6 23,4
Nordland 1 277,0 1 104,0 238,3 119,3 70,8 14,7 13,8 59,1
Viken 88,3 2 149,0 172,8 12,2 14,0 0,0 0,1 5,5
Innlandet 13,8 1 500,7 103,8 0,0 15,5 0,0 0,2 1,1
Vestfold og Telemark 56,5 1 062,1 120,5 6,7 33,6 0,0 0,0 6,1
Agder 71,0 944,0 122,9 7,7 7,1 0,0 0,2 2,0
Vestland 1 371,2 1 995,8 318,6 128,1 468,7 41,7 54,9 34,1
Trøndelag 577,3 1 592,4 115,9 28,4 0,0 0,0 7,6 9,4
Troms og Finnmark 760,1 1 306,1 237,6 104,3 167,4 26,3 5,6 23,2
Sum 5 392,6 14 269,1 1 679,8 579,4 903,0 148,0 106,3 180,8
Tabellforklaring:
Kolonne 1: Beløp utløyst av båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet 2023
Kolonne 2: Beløp utløyst av fylkesvegnøkkelen i inntektssystemet 2023
Kolonne 3: Midlar til opprusting og fornying av fylkesvegnettet, fordelt etter kartlegging vedlikehaldsetterslep
Kolonne 4: Kompensasjon for meirutgifter til iverksetting av tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesvegar
Kolonne 5: Tilskot til skredsikring av fylkesveg, tidlegare øyremerkt tilskot
Kolonne 6: Ferjeavløysingsmidlar
Kolonne 7: Midlar til null- og lågutsleppsferjer og -hurtigbåtar
Kolonne 8: Midlar til gratis ferje på trafikksvake samband


Tabell 6: Øyremerkte tilskot til fylkeskommunale vegformål. I mill. kroner
Nemning 2019 2020 2021 2022 2023
Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka 264,5 238,4 96,0 150,2 414,0
Skredsikring fylkesvegar 703,6 425,4 107,8 0,0 0,0
Tilskot til gang- og sykkelvegar 113,7 25,9 33,1 21,9 0,0
Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport 14,0 4,9 11,3 18,4 14,5
Tilskot til fylkesvegar 0,0 13,3 454,0 329,0 398,7
Sum 1 095,7 707,9 702,2 519,5 827,2

Tabellforklaring:
Midlar til dei øyremerkte tilskota blir løyvd på kap. 1320 Statens vegvesen. Tala for 2019-2022 er rekneskapstal. Talet for 2023 er gjeldande løyving etter Stortinget si handsaming av Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023). Innanfor fristen for svar på spørsmålet har det ikkje vore mogleg å sette opp ei oversikt med fylkesfordeling av midlane.

Tilskotet til skredsikring av fylkesvegar blei innlemma i inntektssystemet i statsbudsjettet for 2020. Talet for 2021 er overført ubrukt løyving frå tidlegare budsjettår.

Tilskotet til gang- og sykkelvegar blei innlemma i inntektssystemet i statsbudsjettet for 2020. Tala for 2021 og 2022 er overført ubrukt løyving frå tidlegare budsjettår. Tilskotsordninga retta seg både mot kommunale vegar og fylkesvegar, og tala er summen av midlar til kommunar og fylkeskommunar

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.