Skriftlig spørsmål nr. 2623 · 2022-2023
Solbergregjeringa tilskreiv Statsforvaltarane og bad dei være tilbakehaldne med å fremje motsegn i planar der det er brei lokal enighet. Kommunestyret i Lærdal er samrøystes i at dei ønskjer …
Ove Trellevik (H) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 22. juni 2023. Svaret kom 30. juni 2023.
- Fra
- Ove Trellevik (H)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
- Datert
- 22. juni 2023
- Besvart
- 30. juni 2023
Spørsmål
Solbergregjeringa tilskreiv Statsforvaltarane og bad dei være tilbakehaldne med å fremje motsegn i planar der det er brei lokal enighet. Kommunestyret i Lærdal er samrøystes i at dei ønskjer Golfbana.
Korleis ser Statsråden for seg prosessen fram mot vedtak, og når vil et vedtak bli fatta av departementet?
Begrunnelse
Plan for ny golfbane i Lærdal skal avgjerast av departementet. Statsforvaltaren tilrår at reguleringsplanen for golfbane på Sløgrandane i Lærdal ikkje vert godkjent grunna konflikt med naturmangfald av nasjonal verdi. Statsforvaltaren i Vestland har motsegn mot planframlegget fordi ein svært verdfull flaummarkskog vil gå tapt dersom golfbana blir bygd på Sløgrandane. Flaummarkskogen er ein av dei største attverande restane i Vestland av denne truga naturtypen, men i området er det rikelig av denne naturtypen langs elva og innover i dalen.
Sidan både kommunen og Statsforvaltaren ikkje kan sjå at ei mekling kan føre fram til ei løysing i saka, har Statsforvaltaren sendt saka til kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd i August 2022.
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 30. juni 2023
Saka gjeld detaljregulering for golfbane og masseuttak på Sløgrandane ved Ljøsne i Lærdal kommune. På grunn av uløyste motsegner frå Statsforvaltaren i Vestland og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er saka til handsaming og endeleg avgjerd i Kommunal- og distriktsdepartementet. Etter synfaring og møte med kommunen og motsegnsstyresmaktane i november i fjor ønskte kommunen å jobbe noko vidare med planane, då dei meinte at det kunne gje grunnlag for å løyse motsegna frå NVE. Oppdaterte plandokument og supplerande utgreiingar blei oversendt departementet i februar.
I motsegnssakene ber departementet alltid om fråsegn frå dei ansvarlege fagdepartementa, i dette høvet Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet. Når begge fråsegnene er motteke, vil eg så raskt som mogleg fatte eit vedtak i saka.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ove Trellevik →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.