Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2618 · 2022-2023

Kva planar har statsråden for å gje Nordhordland betre politistasjon?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Emilie Mehl, 21. juni 2023. Svaret kom 27. juni 2023.

Til
Justis- og beredskapsministeren · Emilie Mehl
Datert
21. juni 2023
Besvart
27. juni 2023

Spørsmål

Kva planar har statsråden for å gje Nordhordland betre politistasjon?

Begrunnelse

Nordhordland politistasjon er lokalisert i Knarvik med ein lokalitet. Eg møtte det lokale politiet der saman med ordførarkandidat i Alver kommune for FrP Mary-Ann Mostraum for å bli oppdatert på aktuelle saker. I den forbindelse var det umulig å ikkje merke at lokalene var uhensiktsmessig og ikkje i den stand ein kan forvente for ein så stor stasjon. Planar om ny stasjon har dessverre ikkje lenger den framdrift det burde. Så derfor etterlyser me politisk press for å få fortgang i bygging av ny meir tidsriktig stasjon.

Svar

Justis- og beredskapsministeren Emilie Mehl, 27. juni 2023

Regjeringa prioriterer politiet. Noko av det første vi gjorde då vi kom i regjering var å styrke politiet med 200 millionar kroner i budsjettet for 2022. I budsjettet for i år prioriterer vi å bruke ressursar på betre lokale polititenester og beredskap, og mindre på m.a. sentral administrasjon og konsulentar. I tillegg har regjeringa nettopp fått gjennomført den største prioriteringa av politiet i eit revidert budsjett vi kjenner til, med ein auke på 550 mill. kroner.
Det er politimeistrane som har ansvar for å disponere midlane i politidistrikta best mogleg i tråd med føringane frå Stortinget og departementet, anten det er til nye bygg, bemanning eller andre tiltak politiet sjølv finn det formålstenleg å prioritere. Dette inkluderer eventuelle planar for ein ny politistasjon i Nordhordland. Eg legg til grunn at Vest politidistrikt gjennomfører dei tiltaka dei finn nødvendige for at politiet skal vere til stades og yte gode polititenester i Nordhordland.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.