Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2607 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren leggje fram kva reell prosent ferjepriskutt som har blitt gjennomført med verknad frå 1/1-2022 og fram til dags dato?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 21. juni 2023. Svaret kom 28. juni 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
21. juni 2023
Besvart
28. juni 2023

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram kva reell prosent ferjepriskutt som har blitt gjennomført med verknad frå 1/1-2022 og fram til dags dato?

Begrunnelse

Regjeringa og spesielt Ap har vore høge og mørke ang sine påståtte kutt av ferjeprisane.
Halvering av ferjeprisane har det blitt hevda av representantar av regjeringspartia.
Det har blitt rekna kutt i ferjeprisane med verknad frå 1/1-2021, dette var samtidig med at landet hadde ei borgarleg regjering, som pr 1/7-2021 kutta ferjeprisane med 25 %.
Realiteten er nok at dagens regjering kun har kutta ytterligare 25 % av ferjeprisane, samtidig som prisane har fått vanlig prisvekst, noko som igjen tar ned den totale effekten.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 28. juni 2023

I Prop. 1 S (2021–2022) foreslo regjeringa Solberg å setje av 483 mill. kr til reduserte ferjetakstar på riks- og fylkesvegferjene. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) foreslo dagens regjering å setje av ytterlegare 489,8 mill. kr til reduserte ferjetakstar. Samla sett er det foreslått å setje av 972,8 mill. kr. Framlegget la til rette for at takstane for reisande frå 1. januar 2022 var 30 pst. under takstnivået som galdt 1. januar 2021 i både riks- og fylkesvegferjedrifta.

Regjeringa sitt framlegg la til rette for ein takstreduksjon for den reisande på 11,7 pst. frå 31. desember 2021 til 1. januar 2022. Regjeringa Solberg sitt framlegg ville gitt ein takstauke for den reisande på 12,7 pst. frå 31. desember 2021 til 1. januar 2022. Skildringa om at regjeringa Solberg kutta takstane med 25 pst. frå 1. juli 2021, er difor noko upresis då delar av reduksjonen vart foreslått reversert frå 1. januar 2022.

I Hurdalsplattforma er det eit mål å halvere takstane i ferjedrifta i fireårsperioden 2021–2025. Med løyvinga i statsbudsjettet for 2022 vart det lagt til rette for at takstane kunne bli redusert med 30 pst. samanlikna med takstane 1. januar 2021. I statsbudsjettet for 2023 er det sett av midlar som vil gjere det mogleg frå 16. august 2023 å redusere takstane med ytterlegare 20 prosentpoeng, til 50 pst. under takstnivået 1. januar 2021. Målet i Hurdalsplattforma om å halvere takstane i ferjedrifta i fireårsperioden 2021–2025 vil dermed vere gjennomført.

Regjeringa har òg som mål å innføre ei ordning med gratis ferjer til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet, og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Frå 1. juli i 2022 er det løyvd midlar som legg til rette for å innføre gratis ferjer i trafikksvake samband. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd midlar som vil gjere det mogleg frå 16. august 2023 å innføre gratis ferjer til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet, dvs. i ferjesamband som ikkje var omfatta av tiltaket i 2022. Med dette tiltaket vil målsettinga i Hurdalsplattforma om gratis ferje til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis, vere oppfylt.

På sambandet rv. 80 Bodø–Værøy–Røst–Moskenes er strekningane til øyane Værøy og Røst gratis, og på sambandet rv. 13 Hjelmeland–Nesvik–Skipavik er strekninga til Skipavik gratis. På resten av riksvegferjesambanda er takstane no 30 pst. lågare enn takstane 1. januar 2021. Frå 16. august 2023 vil takstane på riksvegferjesambanda vere 50 pst. lågare enn takstane 1. januar 2021. Sambandet rv. 19 Moss–Horten mottar ikkje tilskot over statsbudsjettet, og har difor blitt heldt utanom.

Midlane til fylkeskommunane er fordelte gjennom inntektssystemet til fylkeskommunane som frie midlar, det vil seie at det er midlar som fylkeskommunane kan disponere fritt. Det er altså fylkeskommunane som avgjer om det skal innførast gratis ferjer eller takstreduksjonar i fylkeskommunale ferjesamband ut får lokale tilhøve, og må gjere vedtak om det.

Statens vegvesen opplyser om at det no er over 50 gratis-samband, og at fleire blir forventa å bli gratis frå 16. august i år. For ferjesambanda der det ikkje er lagt til rette for gratis drift er det lagt til rette for at sambanda 16. august i år kan ha 50 pst. lågare takstar enn 1. januar 2021. Reell takstreduksjon er noko høgare enn dette sidan takstane ikkje har blitt prisjustert sidan 2021.

Takstregulativet «Autopass-regulativ for ferjetakstar» blir nytta på dei aller fleste av ferjesambanda som ikkje har blitt gratis. Tabellen under viser endringane av takst i dette regulativet, for perioden frå 1. januar 2021 til 16. august 2023. Tabellen viser også takstnivået etter endringane, med januar 2021 som utgangspunkt. Endring av takstnivået er i nominelle verdiar.

Samla endring av takst frå årsskiftet 2022 til 16. august 2023, er på om lag -37 pst. (50/79,25-1≈0,369). For sambanda som er/blir gratis er endringa på -100 pst.




Frå og med dato: %-vis endring av takst (ekskl. mva) mva-sats Takstnivå inkl. mva (jan 2021=100)

1. januar 2021 3,20 % 6 % 100
1. juli 2021 -25,00 % 6 % 75
1. oktober 2021 0,00 % 12 % 79,25
1. januar 2022 -11,67 % 12 % 70
1. januar 2023 0,00 % 12 % 70
16. august 2023 -28,57 % 12 % 50

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.