Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2606 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over reell kroneverdi sett opp mot prisvekst og kva reelt vegvedlikehold Statens vegvesen har fått i praksis for budsjetta frå 2018 og til og med 2022?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 21. juni 2023. Svaret kom 28. juni 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
21. juni 2023
Besvart
28. juni 2023

Spørsmål

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over reell kroneverdi sett opp mot prisvekst og kva reelt vegvedlikehold Statens vegvesen har fått i praksis for budsjetta frå 2018 og til og med 2022?

Begrunnelse

Samferdselsministeren har skrytt mykje av at regjeringa har satsa på vegvedlikehold.
Året 2022 var det dårligaste året for asfaltlegging i landet sidan 2012, og det var forventa ein nedgang med nye 27 % etter framlegginga av statsbudsjettet for 2023. Dette pga. svært kraftig prisvekst.
Mykje tyder på at sjølv om regjeringa auka sine løyvingar til vegvedlikehold, så kompenserte dette sannsynlegvis kun for prisveksten.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 28. juni 2023

Vedlikehald er avgjerande for eit robust og godt riksvegnett, slik at vegane kan brukast i mange år til. Godt vedlikehald vil også medverke til å redusere kostnadane til drift av veginfrastrukturen. Regjeringa prioriterer drift og vedlikehald av riksvegane. Slik sørgjer vi for å ta vare på det vi allereie har.

Representanten ber om ei oversikt over reel kroneverdi sett opp mot prisvekst. Eg tolkar det til å vere ei samanlikning av endringa i løyvinga frå år til år, og prisveksten slik han faktisk blei for åra 2018 til 2022. Tabellen under viser Statistisk sentralbyrås (SSB) kostnadsindeks for drift og vedlikehald av vegar, som blir rapportert etterskotsvis. Ved omrekning av indeksen frå eit år til neste er alle kvartala inkludert.

i prosent
Frå år til år SSBs kostnadsindeks for drift og vedlikehald av vegar
2018 → 2019 1,7
2019 → 2020 1,5
2020 → 2021 7,3
2021 → 2022 12,9

Representanten ber vidare om kva reelt vegvedlikehald Statens vegvesen har fått i praksis for budsjetta for 2018–2022. Tabellen under viser tal på km dekkelagt og dekketilstand på riksvegane for desse åra:

2018 2019 2020 2021 2022
Del av riksvegnettet der Statens vegvesen har ansvaret, som tilfredsstiller krav til spor og jamleik for vegdekke (i pst.) 91,5 92 92 92 91
Tal på riksveg dekkelagt (i km) 940 860 752 1 149 835

Tabellen under viser gjeldande løyving (med nysalderinga) til kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar, med overslag på fordelinga for underkategoriane drift og vedlikehald. Poststrukturen på kap. 1320 Statens vegvesen blei endra i statsbudsjettet for 2019. Tala for 2018 viser drift og vedlikehald frå post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., og er ikkje direkte samanliknbart med tala for 2019–2022. Tabellen viser løypande kroner.
Mill. kr
År 2018 2019 2020 2021 2022
Drift av riksvegar 3 800 3 350 3 800 4 450 5 250
Vedlikehald av riksvegar 2 650 2 750 3 600 3 700 3 200
Sum løyving til drift og vedlikehald av riksvegar 6 450 6 115 7 362 8 135 8 451

Tabellen under viser dei prosentvise endringane i avsetjingane, sett opp mot indeksen frå Statistisk sentralbyrå for å gi ein reell samanlikning, slik representanten etterspør.

Prosentvis endring frå året før 2019 2020 2021 2022
Drift av riksvegar -11,8 13,4 17,1 18,0
Vedlikehald av riksvegar 3,8 30,9 2,8 -13,5
Sum løyving til drift og vedlikehald av riksvegar -5,2 20,4 10,5 3,9
SSBs kostnadsindeks for drift og vedlikehald av vegar 1,7 1,5 7,3 12,9

Etter Stortinget si handsaming av Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023) er løyvinga til drift og vedlikehald av riksvegar auka med om lag 1,2 mrd. kr til 10,6 mrd. kr. Dette viser at regjeringa prioriterer å ta vare på dei vegane vi har.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.