Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2585 · 2022-2023

Kan det no vera at statsråden vil Endre den gregorianske kalenderen til at vinter blir sommar og haust blir til vår For det må han gjera om ikkje vi får Eit planprogram fastsett for Hordfast no fort …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 17. juni 2023. Svaret kom 23. juni 2023.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
17. juni 2023
Besvart
23. juni 2023

Spørsmål

Kan det no vera at statsråden vil
Endre den gregorianske kalenderen til
at vinter blir sommar og haust blir til vår
For det må han gjera om ikkje vi får
Eit planprogram fastsett for Hordfast no fort
Vi ønskjer jo berre at dette blir gjort

Kva er det som gjer at saka tek tid?
Vi ynskjer eit svar på dette fordi
Vi vil bygge vestland mellom fjordar og byer
Og vonar ministeren deler dei vyer
Langs kysten vår treng vi ein dugande veg
Det får vi om statsråden no skundar seg

Begrunnelse

Vi viser til spørsmål 808, som omhandlar manglande godkjend planprogram for reguleringsplanen E39 Stord-Os, der statsråden svara mellom anna med føljande:

«eg tek sikte på at planprogrammet kan bli fastsett så tidleg som mogleg på nyåret».

På ny ber vi om oppdatering på kva som er status og kva som er dei utfordrande sakene ein jobbar med som tek så lang tid.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 23. juni 2023

Forslaget til planprogram for statleg reguleringsplan for E39 Stord–Os (Ådland–Svegatjørn) blei oversendt Kommunal- og distriktsdepartementet 1. desember 2022. Eg legg vekt på at departementet som ansvarleg planstyresmakt gjer grundige vurderingar av saka før planprogrammet blir fastsett.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.