Skriftlig spørsmål nr. 2512 · 2022-2023
Kva er berekna vedlikeholdsetterslep på vegnettet pr i dag på fylkes og riksvegnettet i heile landet?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 12. juni 2023. Svaret kom 19. juni 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 12. juni 2023
- Besvart
- 19. juni 2023
Spørsmål
Kva er berekna vedlikeholdsetterslep på vegnettet pr i dag på fylkes og riksvegnettet i heile landet?
Begrunnelse
Vedlikeholdsetterslepet er stort landet over både på riks og fylkevegane.
I media i dag kan vi sjå at vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal har gått frå ca. 8 milliard kr til no berekna til over 16 milliard kr.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 19. juni 2023
Det blei gjort nye berekningar av vedlikehaldsetterslepet på riksveg i grunnlagsmaterialet til Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033. Vedlikehaldsetterslepet der blei anslått til om lag 30 mrd. 2020-kr ved inngangen til 2022, med eit usikkerheitsspenn mellom 25 og 40 mrd. 2020-kr. Prisomrekna tilsvarer dette om lag 38 mrd. 2023-kr, med eit usikkerheitsspenn mellom 32 og 51 mrd. 2023-kr. Det er stor usikkerheit ved berekningane av vedlikehaldsetterslepet.
Regjeringa har i samband med i årets reviderte nasjonalbudsjett auka midlane til drift og vedlikehald av riksvegar med 1,2 milliardar kroner. Samla sett blir nivået på løyvinga til drift og vedlikehald på riksvegar i 2023 med dette rekordhøgt.
Fram til 2020 blei fylkesvegane forvalta av Statens vegvesen på oppdrag frå fylkeskommunane under ein felles (sams) vegadministrasjon. Sams vegadministrasjon blei avvikla 1. januar 2020 som ein del av regionreforma. Det er nå fylkeskommunane sine egne vegadministrasjonar som forvaltar fylkesvegnettet. Samferdselsdepartementet har ikkje løpande oversikt over det totale vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg eller kva vedlikehald- utbetring- eller fornyingstiltak som er gjort på fylkesvegnettet sidan avviklinga av sams vegadministrasjon.
I Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 blir det lagt til grunn at det er behov for å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om tilstanden på fylkesvegane. I Prop. 1 S (2021-2022) for Samferdselsdepartementet blir det opplyst at Statens vegvesen i 2022 saman med fylkeskommunane skal starte opp eit arbeid med å samordne ei kartlegging av vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet. I mars 2022 gav Samferdselsdepartementet oppdraget til Statens vegvesen. Statens vegvesen koordinerer prosjektet i samarbeid med fylkeskommunane. Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen om å arbeide med sikte på å levere eit oppdatert kunnskapsgrunnlag i samband med arbeidet med neste Nasjonal transportplan.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.