Skriftlig spørsmål nr. 2441 · 2022-2023
Kan statsråden informere om hvilke kontrakter staten har inngått med kommersielle og ideelle aktører innenfor barnevernsinstitusjoner og legge fram oversikt over kontraktvarighet for avtaler inngått med kommersielle og ideelle selskaper innenfor statens ansvarsområde?
Hege Bae Nyholt (R) stilte spørsmålet til barne- og familieministeren, Kjersti Toppe, 5. juni 2023. Svaret kom 9. juni 2023.
- Fra
- Hege Bae Nyholt (R)
- Til
- Barne- og familieministeren · Kjersti Toppe
- Datert
- 5. juni 2023
- Besvart
- 9. juni 2023
Spørsmål
Kan statsråden informere om hvilke kontrakter staten har inngått med kommersielle og ideelle aktører innenfor barnevernsinstitusjoner og legge fram oversikt over kontraktvarighet for avtaler inngått med kommersielle og ideelle selskaper innenfor statens ansvarsområde?
Svar
Barne- og familieministeren Kjersti Toppe, 9. juni 2023
Anskaffing av ideelle plassar
Bufdir gjennomførte i 2022 ein anskaffingsprosess retta mot dei ideelle leverandørane, og skreiv avtalar om 243 institusjonsplassar. I dei nye avtalane er delen med kjøpsgaranti auka frå om lag 60 prosent til 83 prosent. Avtalene er tidsubestemte, og varer til ein av partane seier den opp. Avtaleporteføljen med leverandørane er samansett av følgjande leverandørar:
Aberia Ung AS
Betania Alta
Crux
Crux Rostad
Cura
Frelsesarmeens Barne- og familievern
Haraldsplass
Josephines stiftelse
Klokkergårdstiftelsen
Oslo Sanitetsforening Brusetkollen AS
Rufs (Rena Ungdoms- og Familiesenter)
Fossum Ung
Stiftelsen Fossumkollektivet
Stiftinga Voss barneheim
I tillegg har Bufetat regionale avtalar om 20 plassar med leverandørane Stiftelsen Milepælen, Fagertun Hybelhus (Norsk Folkehjelp) og Oslo Sanitetsforening.
I anskaffingane har Bufdir inngått ideelle avtalar med aktørar som ikkje har ideelt eigarskap. Dette gjeld leverandørane Aberia Ung AS, Cura og Rufs. Regjeringa ga i mars 2023 Bufdir føring om å innføre krav om ideelt eigarskap for å reknast som ideell leverandør. Kravet om ideelt eigarskap gjeld samtlege eigarledd tilhøyrande leverandøren.
Anskaffing av fleksibel kapasitet
Frå oktober 2022 til våren 2023 gjennomførte Bufdir òg ein anskaffingsprosess om i hovudsak fleksibel kapasitet, der både kommersielle og ideelle leverandørar kunne delta. I denne anskaffinga blei det inngått rammeavtalar om 53 plassar. Avtalane varer til 31. januar 2024, med moglegheit for uttak av opsjon i 1 +1 år. Avtaleporteføljen består av følgjande leverandørar, der dei to første har einskilde plassar med kjøpsgaranti:
Rufs (Rena Ungdoms- og Familiesenter)
Hiimsmoen
Olivia Solhaugen
Den skreddersydde enhet
Stendi Midt
Stendi Nord
Stendi Øst
Fjellstø omsorg
Aurora Omsorg
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Hege Bae Nyholt →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.