Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2321 · 2022-2023

Når og hvordan følger statsråden opp saka om ubåten på Fedje?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 24. mai 2023. Svaret kom 31. mai 2023.

Til
Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
Datert
24. mai 2023
Besvart
31. mai 2023

Spørsmål

Når og hvordan følger statsråden opp saka om ubåten på Fedje?

Begrunnelse

Nå er det lenge sidan fiskeri- og havministeren fekk rapport fra utval om håndtering av kvikksølvet ved u-båten ved Fedje. På møtet mellom KS Vestland og benkene var dette eit tverrpolitisk sak kommunene etterlyste status på.

Svar

Fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran, 31. mai 2023

Regjeringa går nå gjennom rapporten og alle høyringsinnspel. Eg registrerer at utvalet meiner at tildekking av vrak og kvikksølvforureining er den beste løysinga ut ifrå ei reint miljøfagleg vurdering, men at dei tilrår ei løysing som inneber ei trinnvis tilnærming med heving av kvikksølv før tildekking, mellom anna av omsyn til opplevd risiko i lokalmiljøet. Så registrerer eg òg at nokre av høyringsinnspela peiker på heving av vraket og forureininga som den einaste akseptable løysinga, mens andre meiner det ikkje finst fagleg grunnlag for å gå vidare med heving av kvikksølv. Det er difor viktige og komplekse vurderingar som regjeringa skal gjere, og dette arbeidet kan ta noko tid. Om det viser seg mogleg, vil vi presentere saka for Stortinget i samband med framlegginga av Prop. 1 S (2023-2024).

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.