Skriftlig spørsmål nr. 2313 · 2022-2023
Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over rasteplassar med toalett på Rv 15 frå Stryn til Otta, kva opningstider desse har og samtidig gje ei forklaring på kva vanlige folk og næringslivet skal gjere den tida toaletta er stengt?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 23. mai 2023. Svaret kom 30. mai 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 23. mai 2023
- Besvart
- 30. mai 2023
Spørsmål
Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over rasteplassar med toalett på Rv 15 frå Stryn til Otta, kva opningstider desse har og samtidig gje ei forklaring på kva vanlige folk og næringslivet skal gjere den tida toaletta er stengt?
Begrunnelse
På strekninga Stryn til Otta på RV 15 er der begredelig med rasteplassar med toalett.
Sist søndag køyrde eg denne strekninga og absolutta alle toalett var stengt. Kvifor desse er stengt på ei årstid der turistsesongen har begynt samt på ei strekning der det normalt også er stor næringstrafikk er vanskeleg å forstå.
Enda verre blir det på den årstida der Grotli høgfjellshotell har stengt, samt på tida av døgnet andre butikkar osv. også har stengt.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 30. mai 2023
På rv. 15 strekninga Stryn til Otta har Statens vegvesen ulike toalettløysningar å tilby næringslivet og dei vegfarande.
Vest for Strynefjellet har Statens vegvesen ei avtale om drift av toalett for vegfarande i Oppstryn. Dette er ei avtale som vegvesenet har inngått med Stiftinga Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Nasjonalparksenteret stiller toalett til offentleg disposisjon heile døgnet i perioden 1. mai – 30. september som er perioden med størst trafikk. Til avtalen skal det ved opning 1. mai skiltast ved rv.15 med serviceskilt «WC» i begge retningar.
Statens vegvesen har ei avtale med Grotli Høgfjellshotell om eit toalettilbod for dei vegfarande. Statens vegvesen har betalt eit tilskot for bygginga av toalettet og betaler ein årleg sum for drifta av anlegget. Toalettet er oppe heile døgnet heile året og er skilta frå rv. 15.
I Vågå sentrum, rett ved rv. 15, ligg det ein YX stasjon, YX Vågå. Statens vegvesen har ei avtale med YX Vågå og betaler YX Vågå ein årleg sum for blant anna toalett. Tilbodet er døgnopent.
Ca 10 km sør for Vågå sentrum ligg det ein rasteplass med toalett som Statens vegvesen driftar sjølv. Rasteplassen er skilta frå rv. 15 og er oppe heile døgnet heile året.
Statens vegvesen driv i tillegg og etablerer eit nytt toalettbygg på rv. 15 ved Billingen nord i Skjåk kommune. Dette blir satt opp ved bommen i Billingen som blir nytta når det er kolonnekøyring og/eller stengt veg. Toalettbygget blir sett i drift i 2023 og vil bli eit heilårstilbod.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.