Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2235 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren leggje fram ei totaloversikt over forbrukte midlar til prosjektet Møreasken sidan 2010 og fram til no, gjeldande alt av planarbeide, prosjektering, grunnboring, vindmåling, …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 15. mai 2023. Svaret kom 1. juni 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
15. mai 2023
Besvart
1. juni 2023

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram ei totaloversikt over forbrukte midlar til prosjektet Møreasken sidan 2010 og fram til no, gjeldande alt av planarbeide, prosjektering, grunnboring, vindmåling, seismikk, geologiske undersøkingar, grunnkjøp, konseptvalsutgreiing, Ks1, Ks2, kommuneplanar, reguleringsplanar osv.?

Begrunnelse

Det har den siste tida blitt ein diskusjon ikring kva dei reelle tala er for forbrukte planleggingsmidlar til prosjektet Møreaksen sidane 2010 og fram til i dag.
Det er fleire spørsmål og svar tidligare på dette, men har blitt tolka litt ulikt. Spesielt svaret på spørsmål nr 15:2893 (2020-2021) der det har blitt oppfatta to ulike summar på to ulike planprosessar. Seinare har dagens samferdselsminister svara ulikt på dette.
Det er behov for å klargjere totale kostnadar for Møreaksen sidan før konseptvalsutgreiinga vart ferdig i 2011 og til i dag, der alle kostnadar slik som planlegging, prosjektering, grunnborring, geologiske undersøkingar, vindmåling, seismikk, og grunnkjøp er med. også kostnadane med utarbeidelser av konseptvalgsutgreiing, Ks1, Ks2 osv., samt kommunedelplanar og reguleringsplanar.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 1. juni 2023

Det har dei siste åra vore stilt fleire spørsmål frå Stortinget om kostnader til planlegging, optimalisering og grunnerverv for E39 Ålesund-Molde, mellom anna:

• 2020-2021: Spørsmål 2893 frå representanten Klinge, svart ut av tidlegare samferdselsminister Hareide
• 2021-2022: Spørsmål 2932 frå representanten Sve
• 2022-2023: Spørsmål 89, 411, 828, 930, 1008, 1167, 1168, 1322 og 1782 frå representanten Sve

Statens vegvesen har brukt om lag 430 millionar løypande kroner til planlegging etter plan- og bygningslova og optimalisering av E39 Ålesund-Molde til og med 2022. Av dette er om lag 95 millionar løypande kroner nytta til optimalisering og grunnerverv etter at reguleringsplan er vedteken.
Det er ikkje mogleg å få ut absolutt alle utgifter til konseptvalutgreiingar, tilleggsutgreiingar til konseptvalutgreiingar og kvalitetssikring av konseptval (KS1) for E39 Ålesund-Molde mellom anna ut frå at data for fleire personellressursar ikkje er spesifiserte på prosjekt. Desse utgiftene er derfor ikkje inkludert i dei tidlegare svara nemnd ovanfor, og kan heller ikkje bli svart på no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.