Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2207 · 2022-2023

Vil eit oppdatert rundskriv om ME-sjuke sine trygderettar bli publisert i løpet av mai 2023 slik statsråden tidlegare har signalisert til Stortinget, for å få slutt på at CFS/ME-sjuke under avklaring …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til arbeids- og inkluderingsministeren, Marte Mjøs Persen, 12. mai 2023. Svaret kom 16. mai 2023.

Til
Arbeids- og inkluderingsministeren · Marte Mjøs Persen
Datert
12. mai 2023
Besvart
16. mai 2023

Spørsmål

Vil eit oppdatert rundskriv om ME-sjuke sine trygderettar bli publisert i løpet av mai 2023 slik statsråden tidlegare har signalisert til Stortinget, for å få slutt på at CFS/ME-sjuke under avklaring ikkje blir pålagt krav og forventingar frå NAV som ikkje er vitskapleg funderte, som er utilgjengelige og/eller dei får avslag på i det offentlege helsevesenet?

Begrunnelse

Eg syner til tidlegare skriftleg spørsmål frå representanten Seher Aydar (R) om denne saka, Dokument nr. 15:1946 (2022-2023). Her opplyser Arbeids- og inkluderingsministeren at Arbeids- og velferdsdirektoratet «..tar sikte på at et oppdatert rundskriv kan publiseres i løpet av mai 2023.»

Svar

Arbeids- og inkluderingsministeren Marte Mjøs Persen, 16. mai 2023

For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 59 og 60 har eg bedt Arbeids- og velferdsdirektoratet om å gjennomgå praksisen. Denne gjennomgangen skal etter planen bli ferdig frå direktoratet si side i løpet av første halvår 2023. Eg vil komme tilbake til Stortinget etter at praksis og regelverk er gjennomgått.
Parallelt med gjennomgangen vurderer direktoratet òg om dei interne retningslinene (rundskrivet) bør justerast. Representanten viser i spørsmålet sitt mellom anna til svaret mitt 21. april 2023 på spørsmål nr. 1946 (2022-2023), der eg skreiv at direktoratet tok sikte på å publisere eit oppdatert rundskriv i løpet av mai.
Direktoratet har opplyst meg om at dei 15. mai har publisert oppdatert rundskriv (omtale til folketrygdlova §§ 12-5 første ledd første punktum og 12-6 andre ledd første punktum).

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.