Muntlig spørsmål nr. 3 · 2022-2023
Vi har gjennom ei rekkje reportasjar i NRK sett korleis naturverdiane i skogen har blitt nedprioriterte, og korleis skognæringa ikkje har kartlagt naturverdiane på ein akseptabel måte. …
Birgit Oline Kjerstad (SV) stilte spørsmålet til klima- og miljøministeren, Espen Barth Eide, 26. april 2023.
- Fra
- Birgit Oline Kjerstad (SV)
- Til
- Klima- og miljøministeren · Espen Barth Eide
- Datert
- 26. april 2023
- Besvart
- 26. april 2023
Miljøvern · Naturvern · Landbruk · Skogbruk
Spørsmål
Vi har gjennom ei rekkje reportasjar i NRK sett korleis naturverdiane i skogen har blitt nedprioriterte, og korleis skognæringa ikkje har kartlagt naturverdiane på ein akseptabel måte. Miljødirektoratet har kome med ein rapport som syner at det meste av natur som blir nedbygd, er skog, og det er eit problem for både klima og naturmangfaldet.
Den 9. mars i år behandla Stortinget representantforslaget til SV om ein ny skogpolitikk. Stortinget vedtok då at det skal gjerast ein gjennomgang av arbeidet som blei gjort med miljøkartlegging i skog for å sikre at kvaliteten og føresetnadene i MiS-ordninga, som skognæringa forvaltar, er i tråd med intensjonane: å bevare biologisk mangfald i norsk skog.
Det eg lurer på, er om KLD og klima- og miljøministeren som øvste ansvarlege for biologisk mangfald, er involverte i dette kvalitetssikringsarbeidet. Har arbeidet starta opp, og vil Klima- og miljødepartementet stille krav til gjennomgangen og kome med forslag til endringar som gjev betre kvalitet i registreringane?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.