Muntlig spørsmål nr. 2 · 2022-2023
Spørsmålet mitt går sjølvsagt til samferdselsministeren. 2022 var eit svært alvorleg år med heile 118 dødsulykker på norske vegar. Dette var 118 for mange. I fyrste kvartal i år er talet endå høgare. …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 12. april 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 12. april 2023
- Besvart
- 12. april 2023
Samferdsel · Vegvesen · Vegtrafikk
Spørsmål
Spørsmålet mitt går sjølvsagt til samferdselsministeren.
2022 var eit svært alvorleg år med heile 118 dødsulykker på norske vegar. Dette var 118 for mange. I fyrste kvartal i år er talet endå høgare. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2023 ikkje akkurat fylt opp verktøykassa for å motverke og hindre fleire dødsulykker og alvorlege ulykker i trafikken. Samferdselssektoren har vorte det store kuttområdet til regjeringa.
Vi opplever no ei regjering som er bakpå, og som ikkje har visjonar for anten vegbygging eller trafikktrygging. For kort tid sidan la Statens vegvesen fram fagetaten sitt framlegg til ny NTP, som sjølvsagt er i tråd med styringssignal frå samferdselsministeren og regjeringa. Trafikktrygging og trygge vegar vert ikkje prioriterte.
I mitt eige fylke er det opprør. Av såkalla faglege grunnar vert det føreslått at E39/E136 frå Breivika til Ørskogfjellet – den mest trafikkerte vegen i fylket, ein dødsveg der det har vore fleire ulykker berre det siste året, og eksportvegen for heile fylket – ikkje berre vert utsett, men teken heilt ut av NTP. Dette er trafikkfarleg politikk. Det er eigentleg fagleg forkasteleg.
Stiller samferdselsministeren seg bak forslaget frå Statens vegvesen om å ta denne dødsvegen og eksportvegen heilt ut av NTP?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.