Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1848 · 2022-2023

Har samferdselministeren tenkt å prioritere snarlig utbedring av heile rv. 3, samt også løyve nødvendige midlar til forbikøyringsfelt?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 28. mars 2023. Svaret kom 11. april 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
28. mars 2023
Besvart
11. april 2023

Spørsmål

Har samferdselministeren tenkt å prioritere snarlig utbedring av heile rv. 3, samt også løyve nødvendige midlar til forbikøyringsfelt?

Begrunnelse

Transportkomiteen var på komitereise til innlandet fylke, og fekk orientering fra Statens vegvesen om utbetringsarbeidet på rv. 3 gjennom Østerdalen.
Det er gjennomført breddeutviding av vegbanene samt gjennomført midtmerking med romlefelt og kantmerking og dette har gjeve god effekt til ein lav byggekostnad.
Det står igjen strekningar i dette området på rv. 3 som ikkje er utbetra, og dette er det eit stort behov for.
rv. 3 gjennom Østerdalen har stor andel tunge køyretøy, og dette medfører kødannelse med bakgrunn i at der ikkje er forbikøyringsfelt. her kan ein risikere å ligge bak mange vogntog i begrensa fart gjennom heile strekninga.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 11. april 2023

Statens vegvesen har dei siste åra rusta opp fleire kritiske strekningar og punkt på rv. 3 i Østerdalen. Tiltaka vil betre trafikksikkerheita og framkomst på strekninga. Arbeidet som er gjort, og held fram, er eit godt eksempel på korleis vi best tar vare på det vi har, utbetrar der vi kan og bygger nytt der vi må. Rv. 3 er ein av fleire utbetringsstrekningar som Statens vegvesen gjennomfører. Tiltaka omfattar forsterkning, utviding og trafikksikkerhetstiltak på eksisterande veg.
Utbetringane av strekninga mellom Atna og Alvdal sto ferdig i 2020. No jobbar Statens vegvesen med å ruste opp delar av strekninga Koppang – Kvikne. Dette arbeidet inneber blant anna ny Ya bru som opnar for trafikk denne sommaren, og ny Tunna bru med tilstøytane ny veg som opnar neste sommar.
Gjennomføring av ytterlegare delstrekningar vil bli vurdert i samband med dei årlege statsbudsjett, mellom anna på strekninga Evenstad og Imsroa og Fjell – Opphus nord.
Riksveg 3 er allereie prioritert, og eg vil prioritere den vidare.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.